Siste oppdatering

NVDB brukerforum for Rogaland

NVDB brukerforum vart oppretta i februar 2020. Forumet skal være ein møteplass kor kommunane i Rogaland tar opp felles utfordringar i arbeidet med forvalting av data i NVDB (Nasjonal vegdatabank).

Brukerforumet består av kommunerepresentantar frå regionen, Fylkeskommunen, Statsforvaltaren, Statens vegvesen og Kartverket. Dagsorden settast i tråd med innspel og ønsker frå kommunane i regionen.

Målsetting

Overordna målsetting er at brukerforumet skal jobbe med felles problemstillingar knytt til vegforvaltning og registrering av data i NVDB, samt dataflyt og standardisering av vegdata.

Sekretariatet

Sekretariatet består av følgande medlemmer:

  • Steinar Knutsvik, Hå kommune (leiar)
  • Ali Moradi, Sandnes kommune
  • Otto Ødegård, Sandnes kommune
  • Knut Sunnanå, Karmøy kommune
  • Geir Magnus Lyse Tungland, SVV
  • Erik Lima, Rogaland fylkeskommune
  • James Stott, Statsforvalteren Rogaland
  • Jon Moe, Kartverket Rogaland (sekretær)
Del