Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal
Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal for perioden 2023-2026 vart vedtatt i geodatautvalet 1. november 2022.
Kartverket Møre og Romsdal er sekretariat for fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal, og utarbeider utkast til nye geodataplanar. Utkastet er basert på mottekne innspel om kartleggingsbehov, ønska prioriteringar frå partane i fylket og føringar gitt frå myndigheitene.
Det er fylkesgeodatautvalet for Møre og Romsdal som vedtar geodataplanen og hovudsatsingsområda i planperioden.
Fokusområde og satsingar i planperioden 2023-2026
Fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal vil ha følgande satsingsområde i planperioden:
- Kvalitetsheving av FKB-data
- Betre konsistens mellom dei samferdsels-relaterte datasetta FKB-Veg, FKB-TraktorvegSti, Elveg og adressepunkt i matrikkelen. Redusere talet på avvik med 10% årleg.
- Betre konsistens mellom Matrikkel-bygningar, FKB-Bygning og FKB-Tiltak. Redusere talet på avvik med 10% årleg.
- Betre ajourhaldet av FKB-Ledning og legge til rette for rapportering etter ny forskrift om luftfartshindre.
- Kvalitetsheving av matrikkelen
- Kvalitetsheving og geosynkronisering av kommuneplan
- Få betre oversikt over status av arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar (inkl. sjøområdeplanar) og publisere planar for alle kommunar i fylket.
- Få alle kommunar som er del av kommunesamarbeidsprosjekt til å innføre geosynkronisering av plan innan 2023.
- Sette i gong prosjekt på overflatevatn.
- Legge til rette for utarbeiding av kommunale geodataplanar.
Geodataplanens oppbygging
Geodataplanen er ein plan for Noreg digitalt-samarbeidet i dei enkelte fylka. Han omhandlar det dei lokale partane samarbeider om eller planlegg å samarbeide om i sin region. Arbeid som dei enkelte partane har ansvar for, men som ikkje er omfatta av samarbeidet, er ikkje ein del av denne geodataplanen.
Planen består av to delar:
- Eit fellesdokument som er likt i alle fylka i landet. Dette dokumentet inneheld generell informasjon og overordna føringar for det lokale geodatasamarbeidet i Noreg digitalt. Her er det ei kort innføring i korleis Noreg digitalt-samarbeidet er organisert og kva som er dei viktigaste rammevilkåra for samarbeidet lokalt. Dette dokumentet skal vere likt for alle fylke og ikkje endrast lokalt.
- Ein fylkesgeodataplan som er utarbeidd spesielt for eit fylke eller ein region. Fylkesgeodataplanen handlar om dei aktivitetane det blir samarbeidd om lokalt.
I tillegg er det utarbeida ein handlingsplan som samstiller alle tiltaka for kvart enkelt prosjekt.
- Fellesdokument til geodataplan 2023-2026.pdf
- Fylkesgeodataplan for Møre og Romsdal 2023-2026.pdf
- Handlingsplan for Møre og Romsdal 2023-2026.xlsx
E-posten er sendt