Foredrag frå Kartverket
Treng du ein foredragshaldar? Kartverket stiller gjerne på arrangement, kurs og konferansar når teamet er kartdata og eigedomsdata.
Fleire av medarbeidarane i Kartverket kan dele kunnskap frå sine fagområde. Arbeidet til Kartverket har ringverknadar for både offentlege og private verksemder, avgjerdstakarar og fagmiljø.
Høgaktuelle tema med beredskap og tryggleik
Vi kan mellom anna snakke om korleis kartdata blir brukt i samfunnskritiske avgjerder, beredskap og krisehandtering.
Særleg aktuelt er kva krav geopolitisk uro og digitalisering stiller til felles datagrunnlag, kompetanse og sikker datadeling. Kartdata skal delast der det er mogleg, og blir skjerma der det er naudsynt. Dette kan du lese meir om i statusrapporten «Kartdata i ei uroleg tid».
Ta kontakt med oss
Ta gjerne kontakt med marknadsavdelinga på epost dersom du er interessert i eit foredrag, så ser vi om vi har ein passande foredragshaldar tilgjengeleg. Foredrag er gratis, men arrangør dekker eventuell reise og opphald.
E-posten er sendt