Siste oppdatering

Nye rutinar for oppdatering av kretsdata

Mens vi til no har gjort endringar i kretsopplysningar ved å lese inn filer i matrikkelen, skal matrikkelen hente kretsdata frå Nasjonal inndelingsbase. 

På sikt er tanken at dataeigarane sjølve skal kunne oppdatere sine kretsdata direkte i inndelingsbasen, og at ein på den måten skal få til ein betre og meir tilgjengeleg dataflyt for dei som treng kretsinformasjon.

Fram mot jul vil Kartverket som ledd i moderniseringa av matrikkelen rulle ut første del av den nye løysinga for Nasjonal inndelingsbase. Dei første kretstypane som skal takast i bruk er stemmekrets og grunnkrets. I samband med dette vil Kartverket utarbeide nye rutinar for oppdatering av kretsdata.

Det er viktig at kommunar som har planar om å gjere endringar i stemmekretsane fram mot kommune- og fylkestingsvalet i 2023 er merksame på at det vil kome nye rutinar. Frist for innmelding av kretsendringar i samband med valet i 2023 er 31. mars neste år.

Kartverket vil informere meir om endringane via nyheitsbrevet og nettsidene våre. I tillegg vil kommunane få tilsendt informasjon om nye rutinar via fylkeskartkontora.

Del