Burettslag i grunnboka - kort historikk
Rettsregistrering av andelar i burettslag var etablert i 2006 for å gi betre vern for rettar i burettslagsandelar. Her er ei kort historisk oppsummering av burettslag som eigarform, og overgangen til registrering i grunnboka.
Burettslag som eigarform oppstod som ei løysing for å gjere det enklare for folk flest å eige sin eigen bustad. Eigarforma vart særleg populær etter andre verdskrigen, då det var stort behov for bustader og mange ønskte å eige sin eigen heim.
Lovhistorikk
Den første lova som regulerte eigarforma vart sett i kraft i 1960. Burettslaga vart organiserte som andelslag, basert på samvirkeprinsippa, og kvar andelseigar fekk leigerett til ein fastsett bustad i burettslaget sin eigedom. Eigarskap til andelen var knytt til eit fysisk dokumentsett, ofte kalla «adkomstdokumenter». Andelseigaren kunne også pantsetje andelen sin ved å handpantsetje dei fysiske dokumenta og gi melding til burettslaget om pantsetjinga. Som oftast vart dette løyst ved at bustadbyggjelaga heldt arkiv over alle andelsbrev, slik at det var nok å gi melding om pantsetjing til bustadbyggjelaget.
I 2003 vart ei ny lov om burettslag vedtatt. Lova gjorde nokre viktige endringar i eigarforma. Mellom anna vart andelseigaren sin rett til bustaden gjort om frå ein leigerett til ein lovbestemt bruksrett. I tillegg vart det innført ei ordning med rettsregistrering av andelane. Føremålet med rettsregistreringa var å gå bort frå den tidlegare ordninga med rettsverknader knytt til fysiske dokument, og å sikre betre vern både for andelseigaren og panthavarar. Registeret vart til slutt bestemt å skulle etablerast som ein del av grunnboka, og på den måten gi lik framgangsmåte for å etablere rettsvern både for burettslagsandelar og andre eigarformer til fast eigedom. Kapittelet om rettsregistrering i burettslagslova vart sett i kraft 1. juli 2006.
Registrering i grunnboka frå 2006
Då kapittelet om rettsregistrering vart sett i kraft fekk alle eksisterande burettslag ein frist på seks månader til å registrere andelseigarar og panterettar i grunnboka. Frå same tid fall alle rettsverknader knytt til andelsdokumenta bort.
Etter at andelane vart registrerte kunne all vidare rettsleg disponering, slik som eigarskifte og pantsetjing, sikrast vern ved å tinglyse i grunnboka. Eigarskifte skal i tillegg meldast direkte til burettslaget.
Registrerte opplysningar om burettslagsandelar i grunnboka kan du finne i visningstenesta "Se eiendom", for eksempel ved å søkje på adressa til burettslaget.
Eigarhistorikk frå før 2006
Grunnboka sin del for burettslagsandelar vart oppretta i 2006, og Kartverket har difor ikkje eigarhistorikk lenger tilbake i tid. Viss du treng eigarhistorikk frå før 2006 må du kontakte burettslaget eller bustadbyggjelaget.
Viss du treng kopi av dokument frå grunnboka, registrert i 2006, er det også visse dokument vi ikkje har kopi av. Det gjeld særleg innregistreringsdokument på desse datoane:
- 20.11.2006
- 01.12.2006
- 07.12.2006
- 14.12.2006
Registreringane som vart gjort på desse datoane var større elektroniske konverteringar av databasane til bustadbyggjelaga.
Det er også andre tilfelle der vi ikkje har registreringsdokument frå denne tida. Du kan ringe kundesenteret vårt på telefon 32 11 80 00 for å undersøkje om dokumentet finns i vårt arkiv. Alternativt må du kontakte burettslaget eller bustadbyggjelaget.
E-posten er sendt