Fellesnemnaren for oppgåvene til Kartverket er geografisk eller stadfesta informasjon, enten det handlar om datamengdene som ligg til grunn for eit kart, om stadnamn, eigedomsgrenser eller tinglyste rettar knytt til ein stad.

Statens kartverk som er det fulle namnet i formelle samanhengar, samlar inn, systematiserer, forvaltar og vidareformidlar offentleg geografisk informasjon. Konkret inneber det mellom anna at Kartverket har ansvar for og skal levere følgjande:

  • Nasjonalt geodetisk grunnlag: Kartverket har ansvar for stadfestingsgrunnlaget som kart- og oppmålingsarbeida i Noreg byggjer på
  • Posisjonstenester: Tenester som fastset nøyaktig, satellittbasert posisjon
  • Digitale kart: Kartverket produserer og forvaltar nasjonale digitale kartseriar (land- og sjøkart)
  • Tinglysing: Tinglysing i fast eigedom og andelar i burettslag
  • Eigedomsinformasjon: Kartverket driftar dei nasjonale registra for offentleg eigedomsinformasjon (matrikkelen og grunnboka)
  • Stadnamn: Forvaltar det nasjonale stadnamnregisteret (SSR)
  • Standardar: Nasjonale standardar for kart og geografisk informasjon
  • Elektronisk sjøkartteneste: Driftar den internasjonale elektroniske sjøkarttenesta Primar

Geodatakoordinator

Kartverket har også ei viktig rolle som nasjonal geodatakoordinator. Det inneber at Kartverket leier og samordnar arbeidet med den nasjonale geografiske infrastrukturen i Noreg.

Dette skjer i nært samarbeid med kommunane og andre offentlege leverandørar og brukarar av geografisk informasjon gjennom Noreg digitalt-samarbeidet.

Divisjonane i Kartverket

Kartverket har om lag 900 tilsette og er organisert i fire divisjonar:

Kartverksleiinga

Øvste leiar for Kartverket er kartverkssjef Anne Cathrine Frøstrup. Her finn du pressebilete av Frøstrup og resten av leiinga i Kartverket, samt organisasjonskart.

Internasjonalt arbeid

Kartverket deltar i ei rekkje bistandsprosjekt som bidrar til betre kartlegging og eigedomsregistrering i utviklingsland og andre land som treng hjelp til dette.

Les meir om bistandsarbeidet til Kartverket, som skjer i regi av seksjon for internasjonale tjenester.

Kartverket deltar også i og samarbeider med ei rekkje internasjonale organisasjonar, som International Hydrographic OrganizationESA, ISO og NASA.

Kartverket har operatøransvar for den internasjonale sjøkarttenesta Primar som leverer offisielle elektroniske sjøkart til internasjonal skipsfart på vegner av meir enn 60 nasjonar.

Kartverket er på nokre område leiande innafor standardisering og regelverksutvikling, og har levert viktige bidrag til den internasjonale utviklinga.

Her held Kartverket til

Hovudkontoret til Kartverket er på Hønefoss, men Kartverket er representert rundt i landet med i alt ti fylkeskartkontor.

Landdivisjonen, geodesidivisjonen og eigedomsdivisjonen held til i hovudkontoret på Hønefoss, medan sjødivisjonen ligg i Stavanger og kundesenteret i Ullensvang.

Kartverket har eit jordobservatorium som ligg i Ny-Ålesund på Svalbard.

Meir adresse- og kontaktinformasjon på om-oss-sidene våre.

Ledige stillingar i Kartverket

Les meir om korleis det er å jobbe i Kartverket og kva for stillingar som er ledige akkurat no.