Kartverkets historiske arkiv
Kartverkets arkiv inneheld over 15.000 historiske kart i ulike målestokkar frå så langt tilbake som 1500-talet. Store delar av arkivet er fritt tilgjengeleg på nett.
Nedanfor gjer vi greie for Kartverkets historiske arkiv og dei ulike kartseriane som inngår i det. Ønskjer du berre å sjå eller laste ned kart frå arkivet, kan du gjere det i nedlastingsløysinga vår for historiske kart.
Viktig kulturarv
Kartverket har cirka 10.000 historiske landkart i ulike målestokkar frå så langt tilbake som 1700-talet. Vi har rundt 500 historiske sjøkart og -dokument tilbake til 1500-talet.
Handteikna originalar og trykte kart utgjer ein stor del av arkivet vårt.
Kartverkets historiske arkiv byggjer i hovudsak på kartlegging som etaten sjølv har gjort for både militære og sivile føremål. Men vi har også ei større samling frå andre etatar og produsentar.
Arkivet er ein kulturarv som seier mykje om utviklinga i Noreg, landskapsforståing, stadnamn, samferdsel, kommunikasjon og ikkje minst busetnad. Kartverket arbeider heile tida med å gjere det historiske materialet vårt lettare tilgjengeleg.
Her er nokre av kartseriane som er å finne i arkivet:
Kvadratmilkart (1:10 000)
Serien som består av 210 handteikna kartblad, blei produsert frå cirka 1774 og fram til 1808. Karta dekkjer det meste av Østfold, delar av Akershus og Hedmark heilt opp til grensa mot Sør-Trøndelag. Hovudmålet med denne serien var å kartleggje områda langs riksgrensa som eit ledd i det norske forsvaret mot Sverige. Karta er usedvanleg detaljerte og nøyaktige for busette strok og fortel mykje om enkelte gardsanlegg. Dei er saman med seinare rektangel- og gradteigsmålingar ei viktig historisk kjelde for lokalhistorisk arbeid.
Rektangelmålingar (1:10 000-1:100 000)
Systematisk kartlegging av Noreg kom så smått i gang med rektangelmålingane på 1820-talet. Rektangelmålingane hadde basis i ulike punkt i Sør- og Nord-Noreg. Den mest kjende basisen gjekk gjennom i flaggstonga på Kongsvinger festning. Desse punkta la grunnlag for rutenett som etter kvart skulle strekkje seg frå Lindesnes i Vest-Agder til Leirfjord i Nordland. I tillegg blei det utført enkelte målingar med rektangelinndeling både i Troms og Finnmark fylke. Rektangelmålingane låg til grunn for dei trykte rektangelkarta. Dei siste målingane etter rektangelrutenettet blei utførte på 1890-talet. Desse utgjer i dag cirka 2000 kartblad.
Sjå oversiktskart, originalmålingar sør
Sjå oversiktskart, originalmålingar nord
Gradteigsmålingar (1:50 000)
Gradteigsinndeling av landet tok utgangspunkt i meridianen som gjekk gjennom austre fløy på Christiania observatorium. Dei originale gradteigsmålingane dekte i hovudsak Noreg nord for Mo i Rana, inn i Troms fylke og i tillegg delar av Finnmark. Dei siste handteikna gradteigane blei laga på 1950-talet då konstruksjon av kart frå flybilete starta opp. Til saman utgjer desse cirka 1500 kartblad.
Amtskart (1:200 000)
Dei første viktige trykte karta kom med amtskarta. Produksjonen av desse starta i 1826 og var i sal heilt fram til 1970-talet. Dei første karta i denne serien omfatta Østfold (Smålenene), deretter følgde resten av fylka i landet med unntak av Nordland. Denne serien utgjer 48 kartblad, og i tillegg revisjonar.
Rektangelkart (1:100 000)
Dei trykte rektangelkarta kom på slutten av 1860-talet og var i sal heilt til 1979. Her låg dei handteikna rektangelmålingane til grunn for utgjevinga. Desse utgjer cirka 170 kartblad.
Gradteigskart (1:100 000)
Trykte gradteigskart blei produserte første gong rundt 1895. Til grunn for denne trykte serien låg i hovudsak handteikna gradteigsmålingar. Dei trykte gradteigskarta var i sal fram til 1990. Desse utgjer cirka 250 kartblad.
Sjå oversiktskart gradteigskart
Noreg 1:50.000 (M711)
Den noverande landsdekkjande kartserien Norge 1 : 50 000 kom ut på slutten av 1950-talet og blei fullført i løpet av cirka 30 år. Basis for denne serien var ei mengde oppfotograferte gradteigs- og rektangelkart sette saman i mosaikk. Dette arbeidet starta i 1952. Karta blei også kjende som ”svart-kvitt, blå vatn”. Etter kvart låg nye flyfoto til grunn for serien, og M711 blei den første einsarta kartserien som dekte heile landet. Til saman er det 727 kartblad og i tillegg revisjonar.
Økonomisk kartverk (1:5000)
Dette er detaljerte kart av område med økonomiske interesser. Økonomisk kartverk slik vi kjenner det i dag, blei utreia i perioden 1957-1964. Testkartlegging starta rundt 1955 i utvalde kommunar, men blei systematisert nasjonalt på 1960-talet. Målestokken på denne serien er 1:5000 og 1:10 000 og dekkjer byar, tettstader, jordbruksområde og område med produktiv skog. Det vil seie «halve landet», i hovudsak frå fjorden og opp til tregrensa. Totalt finst det omkring 32 000 kartblad, ein del av desse i fleire utgåver. Kartlegginga blei heildigital mot slutten av 1990-talet.
Økonomisk kartverk er ikkje tilgjengeleg i Kartverkets nedlastingsløysing for historiske kart, men førsteutgåva ligg som eit kartlag på norgeskart.no. Søk på ein stad, vel «Bakgrunnskart» i menyen, og deretter «Øk-1.utgåve». Her er eit døme på økonomisk kartverk frå Bykle i Agder i norgeskart.no,
Her er økonomisk kartverk frå Bykle i pdf-format og med teiknforklaring (pdf)
"Norgesavdelingen"
"Norgesavdelingen" er ei samling som består av kart over heile, eller større delar av Noreg. Dei fleste karta er produserte ved andre institusjonar enn Kartverket eller av private aktørar. Karta er laga i tidsrommet frå 1600-talet og fram til i dag. Hovudmengda av desse er i mindre målestokk. Døme på kart i "Norgesavdelingen" er nedtrekkskart brukte i skuleundervisning. Til saman er det cirka 1130 kart i denne serien.
Amtskartsamlinga/ fylkesavdelinga
Dette er ei samling av kart over heile, eller delar av fylke. Samlinga inkluderer kart over dei fleste av byane i landet. Dei eldste karta er frå slutten av 1600-talet. Totalt utgjer samlinga cirka 2500 kart.
Andre samlingar
I tillegg inneheld arkivet samlingar laga i samarbeid med andre etatar eller produsentar. Medrekna mellom anna grevskapsmålingane (1810–1814), tromskrokeringane (1869–1872), fossummålingane (1912–1914) og generalkarta (1868–1910). Her er også samlingar av temakart knytt til geologi, jarnbane, post, fløyting, reindrift, byregulering og så vidare.
Historiske sjøkart
Dei historiske sjøkarta er ein norsk kulturarv som seier mykje om utviklinga innan farleier, stadnamn, samferdsel, kommunikasjon og busettingar.
Djupnene i dei historiske sjøkarta stammar stort sett frå Kartverkets eigne sjømålingar. Andre tema er rapportert frå blant anna kommunar, hamnevesen, Forsvaret, Kystverket, kraftselskap, fiskeribransjen, shipping og oljeselskap, så Kartverket kan derfor ikkje garantere at all informasjon er komplett. Topologi og landsinformasjon er frå N50-kartserien, medan namn er henta frå Sentralt stadnamnregister.
Norske sjøkart på papir er frå gammalt av organisert i fleire kartseriar, der målestokk og innhald er tilpassa ulik skipsfart og brukarbehov:
- Historiske sjøkart – museumskart
- Hamnekart
- Hovudkart Norskekysten
- Hovudkart Svalbard-Jan Mayen-Bouvetøya
- Kystkart
- Overseglingskart
Oversikt over kartinndelinga til dei yngste sjøkarta finn du i Produktkatalog norske sjøkart og nautiske publikasjonar. Dei historiske sjøkarta er gratis å laste ned, men følg vilkåra for bruk: Historiske sjøkart er utdaterte og skal ikkje brukast til navigasjon.
Utanlandssamlinga
Kartverket har fått kart frå besøkjande frå andre verdshjørne. Dette inneber at vi har ei utanlandssamling som inneheld fleire godbitar både frå nabolanda våre og noko frå andre verdsdelar.
E-posten er sendt