Lag din eigen nødplakat
Ein nødplakat har all informasjonen nødetatane treng for å finne fram når du må ha rask hjelp. Skriv ut og heng opp til dømes på hytta!
Nødplakaten er utskrift av ein «plakat» som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for.
Dette kan vere livsviktig hjelp viss du er på ein stad der du er usikker på adressa, som til dømes på hytta.
Slik lagar du nødplakaten
Nødplakaten til Kartverket er gratis, og alle kan lage sin eigen nødplakat på PC-en. Slik gjer du det:
- Klikk deg inn på Kartverkets noregskart (sjå lenke over).
- Zoom deg inn i kartet (eller bruk søkefeltet) og klikk på den eksakte staden du vil markere, til dømes hytta di.
- Vel «Lag nødplakat» i menyen som dukkar opp og godta vilkåra.
- Gi punktet ditt eit namn (til dømes «Hytta vår» og vel rett stadnamn).
- Kryss av at rett stadnamn er vald og klikk på «Last ned».
- Du får no ei pdf-fil som du kan ta utskrift av.
- Heng utskrifta opp ein stad ho er lett å finne.
Samarbeid med nødetatane
Kartverket har utvikla nødplakaten i tett samarbeid med hovudredningssentralane og nødetatane. Det er Kartverket som har ansvaret for datagrunnlaget, stadnamna, karta og teknologien bak.
I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram.
Heng nødplakaten på hytta
Nødetatane opplever ofte at folk som kontaktar dei, ikkje klarer å forklare godt nok kor dei er. Spesielt gjeld det om dei ringer frå ei hytte. Har du ein nødplakat lett tilgjengeleg på hytta, kan du raskt formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.
I tillegg til å henge ein nødplakat på innsida av hytta, kan det være ein idé å henge ei utskrift også på utsida, slik at forbipasserande kan bruke plakaten til å skaffe hjelp.
Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime på kjøkkenet eller i gangen: Det kan hjelpe deg eller gjestane dine i ein stressa situasjon.
E-posten er sendt