Lag din eigen nødplakat
Ein nødplakat har all informasjonen nødetatane treng for å finne fram når du må ha rask hjelp. Skriv ut og heng opp til dømes på hytta.
Nødplakaten er fjerna frå Norgeskart.no. Vi anbefalar at du bruker Norsk Luftambulanse sin teneste for å lage eller oppdatere nødplakaten din.
Nødplakaten er utskrift av ein «plakat» som alle enkelt kan lage sjølv på PC-en sin. Utskrifta inneheld den nøyaktige geografiske posisjonen for den staden du vel å lage nødplakat for. Dette kan vere livsviktig hjelp viss du er på ein stad der du er usikker på adressa.
Den gir deg oversikt over alle nødnumra, koordinat der du er og ei oversikt over kva symptom du alltid skal ta på alvor.
Heng nødplakaten på hytta
Nødetatane opplever ofte at folk som kontaktar dei, ikkje klarer å forklare godt nok kor dei er. Spesielt gjeld det om dei ringer frå ei hytte. Har du ein nødplakat lett tilgjengeleg på hytta, kan du raskt formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.
I tillegg til å henge ein nødplakat på innsida av hytta, kan det være ein idé å henge ei utskrift også på utsida, slik at forbipasserande kan bruke plakaten til å skaffe hjelp.
Det kan òg vere lurt å ha ein nødplakat heime på kjøkkenet eller i gangen: Det kan hjelpe deg eller gjestane dine i ein stressa situasjon.
The mail has been sent!