Siste oppdatering

Kommunegrenser i matrikkelen

Eigedomsgrensene i matrikkelen er hovudkjelda til Noregs offisielle grenser. Ei kommunegrense er ei avgrensing av makt- og kompetanseområdet til kommunen.

Kommunegrenser er ikkje alltid eigedomsgrenser

Vanlegvis ligg eigedomane, med sine grenser, innanfor éin kommune. Men sjølv om dei administrative grensene i prinsippet skal falle saman med eigedomsgrenser, er ikkje det alltid tilfellet. Det er ulikt lovverk for eigedomsgrenser og for administrativ inndeling, og det kan skje ulik sakshandsaming.

Det er også ulike prinsipp som ligg til grunn for forvaltning, berekning og grensedraging mellom dei ulike grensetypane. Difor er det svært viktig at kommunegrensene blir behandla på rett måte i matrikkelen.

Endring av kommunegrense

Dersom ei eigedomsgrense også er ei kommunegrense, kan ikkje grensa endrast like fritt som eigedomsgrenser elles. Etter matrikkellova kan ein heller ikkje søkje om grensejustering eller arealoverføring over ei kommunegrense - ein må då søkje om å få dele frå i nabokommunen. Kommunegrensa skal liggje fast, og det gjer at ein i slike tilfelle blir eigar av eigedom i nabokommunen.

Det same prinsippet gjeld ved jordskiftedom. Ein jordskifterett kan ikkje endre på den administrative inndelinga, og han kan heller ikkje flytte areal frå ein kommune til ein annan, men må på same måte som nemnd ovanfor eventuelt opprette ein eigedom i nabokommunen.

Inndelingslova

Dersom nokon ynskjer overføring av eit område frå ein kommune til ein annan, skal saka fremjast etter inndelingslova. Ein kommune har ikkje rett til å endre på si eiga kommunegrense. I dette ligg definisjonen for inndelingsgrenser som ei geografisk avgrensing av rettar og plikter for offentlege organ.

Det er fylkesmannen som fastset kommunegrenser der det ikkje er tvist eller tvil. Men er ein i tvil om kvar kommunegrensa går, eller dette gjeld ei fylkesgrense, skal saka opp for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I tillegg kan administrative grenser fastsetjast ved kongeleg resolusjon eller ved stortingsvedtak. Har to eller fleire kommunar ei rettsleg interesse i å få grensespørsmålet avgjort ved dom, kan dei ta opp saka med domstolen.

Kartverkets rolle

Kartverket har vanlegvis vore rådgivar for dei som er involverte i grensesaker etter inndelingslova, både for dei som saka gjeld, og for dei som behandlar saka. Kartverket har eit grensearkiv med sakspapir frå tidlegare grensesaker, og grenseskildringar frå kartlegginga av Noreg. Kartverket har òg god kunnskap om prinsippa som gjeld for grensedraging av administrative grenser. 

Matrikkelen er hovudkjelda til kommune- og fylkesgrensene i Noreg, og i tillegg til å vere sentral matrikkelmyndigheit er Kartverket forvaltar og formidlar av kommune- og fylkesgrensene.

Del