Dokumentavgift ved testamentsarv
Dei som er tilgodesette med ein fast eigedom i eit testament, må i utgangspunktet betale full dokumentavgift.
Arv etter testament - ikkje fritak
Dei som er tilgodesette med ein fast eigedom i eit testament, må i utgangspunktet betale full dokumentavgift.
Dersom testamentsarvingen også er arving etter reglane i arvelova, kan det gjerast fråtrekk for den lovregulerte arveparten.
Testamentsarv til offentlege, stiftelsar og foreiningar
Dersom ein fast eigedom er testamentert bort til det offentlege, eller til stiftelsar, legat eller foreiningar med allmennyttige formål, kan det i mange tilfelle bli gitt fritak for dokumentavgift. Det står i regelen i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 a).
Testamentsarv som blir vidareseld
Når ein testamentsarving bestemmer seg for å selje eller gi eigedomen vidare til nokon andre, må han sende heimelserklæring og skøyte til tinglysing same dag. Då blir det berre utrekna dokumentavgift på skøytet. Dette er bestemt i Stortingets vedtak om dokumentavgift § 2 j.
Les meir om testamentsarv som blir vidareseld.
Må eg betale dokumentavgift?
I utgangspunktet må du betale dokumentavgift. Om du oppfyller vilkåra for fritaka ovanfor, blir vurdert og avgjort av sakshandsamaren.
Adresser
Send dokumentene til:
- For fast eiendom:
Kartverket Tinglysing
Postboks 600 Sentrum
3507 Hønefoss - For borettslagsandeler:
Kartverket Ullensvang
Postboks 200
5788 Kinsarvik
The mail has been sent!