Kartlegge uteområde i år?
Det var stor for interesse kartleggingsmidlar i år òg. Det kom inn 32 søknader. Midlane er fordelte og rettleiingskurs heldt. No er kommunane i gang med kartlegginga.
Data Ta i bruk oppdaterte datasett
Kartleggingsprosjekta frå 2024 er avslutta. Her kan du sjå korleis du kan få tak i dei oppdaterte datasetta.
Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og held sine data ved like.
Statusrapportane for det siste årene kan lastas ned her:
- Tilgjengeligheit – tettsted – rapportar (geonorge.no)
- Tilgjengeligheit – friluftsliv – rapportar (geonorge.no)
Kartlegging i 2025
Det er Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) som gjennom Kartverket gir tilskot til eit utval kommunar og fylke som vil gjennomføre kartlegging av tilgjengelegheit. Målet er å bidra til at fylka og kommunane skal vere i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte.
Kartverket held både fysiske og digitale rettleiingskurs i mai/juni. Kartlegginga i kommune er starta og vil fortsette utover sommaren inntil hausten.
Framdriftsplan
- April: Søknadsfrist 11. april 2025
- April: Tilsegn om tilskot (30. april)
- Mai/ juni: Prosjektavklaring og kurs
- Sommar/ haust: Kartlegging i kommunane. Kartverket kvalitetssikrar data
- Haust: Sluttrapport frå deltakarane. Kartverket evaluerer saman med deltakarane
- Januar 2026: Sluttrapport skal leverast til Kommunal- og distriktsdepartementet
Tilgjengelegheitsprosjektet i Kartverket
Kartverket er tildelt oppgåva å framskaffa data om tilgjengelegheita for byar, tettstader og friluftsområde. Kartverket si kartlegging av tilgjengelegheitsdata er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om tilgjengelegheit.
Arbeidet starta allereie i 2004 med kartlegging av tilgjengelegheita i Oslo sentrum. Ved utgangen av 2024 var det kartlagd:
- Tettstader i 287 kommunar
- Friluftsområde i 294 kommunar
Rapporter
- Sluttrapport; Kartlegging, indikatorar og formidling 2024
- Sluttrapport; Kartlegging, indikatorar og formidling 2023
- Sluttrapport; Kartlegging, indikatorar og formidling 2022
- Sluttrapport; Kartlegging, indikatorar og formidling 2021
- Sluttrapport; Kartlegging, indikatorar og formidling 2020
- Sluttrapport; Kartlegging, indikatorar og formidling 2019
The mail has been sent!