Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Data om tilgjengelegheit i tettstader og friområde

Kartverkets data om tilgjengelegheit finst som datasett og som teneste, og kan sjåast i kartklienten til Kartverket.

Statusrapport frå kartlegginga

Ferdige rapportar for særskilde område (kommune, fylke eller heile Noreg) i powerpoint-format kan genererast frå Geonorge:

Innsyn via Norgeskart

Du kan sjå på data frå kartlegginga av tilgjengelegheit i Norgeskart, Kartverket sin egen kartklient. Kartklienten skal tene som eit oppslagsverk for planlegging og forvalting, men òg for organisasjonar og andre interesserte.

Klikk for å komme til norgeskart.no

Skjermdump-tilgjengeligheit-Norgeskart-23072020.png

Trykk på hamburgermenyen øvst til venstre for å velje type bakgrunnskart.

Tilgjengelegheitstenesta er delt i underkategoriar:

  • Tettstad (inneheld objekt som inngangar, vegar, parkering)
  • Friluft (inneheld objekt som friluftsområde, turveg, parkering, badeplass, fiskeplass/brygge, sitjegruppe med meir)

For begge kategoriar kan ein velje kartlag som viser objekt som er vurdert for synshemma, for manuell rullestol, eller for elektrisk rullestol/skuter for utandørs bruk.

Ved å klikke på symbola kan ein få meir detaljert informasjon om kvart einskild objekt. I boksen er det bilde av objektet (ikkje på veg i tettstad) og verdiane som blei registrert under kartlegginga.

Bruk av karttenester

Du kan bruke datasetta om tilgjengelegheit i ditt eige GIS-system (til dømes GISLINE, ISY-WinMap, arcGIS, QGIS). Funksjonaliteten mellom WMS (leverer eit bilete av data) og WFS (leverer vektorinformasjon) varierer. Det er laga ei kort rettleiing i korleis ein legg til tilgjengelegheitsdata som WMS-lag i GISLINE. Sjå lenkjeliste nedst på denne sida.

WFS-tenester er per i dag berre testa i GIS-programmet QGIS. Innlesing av WFS-tenester krev aktivering av eit programtillegg (WFS 2.0 Client). Det er laga eit forslag til prosjektoppsett for «Tilgjengelegheitskart» i QGIS. Sjå lenkjeliste nedst på denne sida. 

Nedlasting

Det er mogleg å laste ned tilgjengelegheitsdata for heile landet eller for eit område (fylke, kommune) via Geonorge. Data blir levert på SOSI- eller GML-format.

Share