Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Heidra med pris for digital eigedomshandel

Kartverket fekk tildelt pris for prosjektet «digital samhandling ved eigedomshandel» under Geospatial World Excellence Award 2024 på Geospatial World Forum i mai.

– Det er med stor ære vi mottek denne prisen! Det er inspirerande at arbeidet vi gjer i Noreg blir lagt merke til internasjonalt. Samarbeidet vi har fått til i prosjektet, mellom bankar, eigedomsmeklarar og Kartverket, er unikt, seier Ida Haukedalen i Kartverkets eigendomsdivisjon.

«Digital samhandling ved eigedomshandel», som er eit prosjekt eigd i samarbeid med DSOP (digital samhandling offentleg privat), har spart samfunnet for milliardbeløp gjennom å digitalisere ein tidlegare papirtung prosess.

– Det er eigentleg ganske klisjéprega, men ein har innsett at ein ikkje klarer å digitalisera verdikjeda åleine. I staden har me berre bretta opp ermane og samarbeidd. Vi har samla relevante aktørar rundt ei felles målsetting, gitt og teke litt, litt dugnadsånd rett og slett – og så har det gått sabla bra, seier Haukedalen.

Prisen for «Excellence in National Mapping for Financial Services» på Geospatial World Excellence Awards blei motteke av Evert Flier, internasjonal koordinator sjø i Kartverket.

Award_Geospatial-World-Awards-2024_Foto_Geospatial-World-Forum.jpg
PRISUTDELING: – Det var artig å få hente prisen på Geospatial World Excellence Award 2024 på vegner av Kartverket, seier internasjonal koordinator Evert Flier. Frå venstre: Sanjay Kumar, gründer og CEO i Geospatial World; Éric Loubier, Director General i Canada Centre for Mapping & Earth Observation (CCMEO); Evert Flier, internasjonal koordinator sjø i Kartverket. Foto: Geospatial World Forum

Konferanse om geodatakoordinering

Geospatial World Forum er ein internasjonal konferanse som i hovudsak handlar om geodatakoordinering. Konferansen har eit breitt perspektiv på teknologiutvikling og offentleg-privat samarbeid. 

Det er sjuande året Geospatial World Forum blir arrangert, og dei siste to åra har også marine geodata vorte inkludert i programmet.

Som nasjonal geodatakoordinator er geodatakoordinering er ei av Kartverket sine viktigaste roller. Internasjonal koordinator Evert Flier heldt ein innlegg på konferansen kor han snakka om korleis hydrografi (marine geodata) kan understøtte den marine strategien til den norske regjeringa. Flier deltok også i ein panelsamtale i sesjonen «Hydrospatial Infrastructure and Blue Economy Summit».

Fire menneske sit på kva sin stol på ei scene. Ein av dei snakkar i ein mikrofon. Foto: Geospatial World Forum
BLÅ ØKONOMI: – Å lykkast med geodatakoordinering krev kontinuerleg dialog mellom dei som tilbyr og brukar geodata. Alle partane må spele på lag, helst i forpliktande samarbeid, for å kunne hauste gevinstane over heile verdikjeda, seier Evert Flier i Kartverket. Han deltokt i panelsamtale under «Hydrospatial infrastructure and blue economy summit» på Geospatial World Forum 2024. Foto: Geospatial World Forum

Noreg har vore eit føregangsland

Noreg er eit av dei første landa som begynte med heiskapeleg arealplanlegging for sine hav- og kystområde. I 2005 blei til dømes det tverretatlege kartleggingsprogrammet Mareano etablert for å samle inn kunnskap om havet, der Kartverket fekk ansvaret for havbotn-terrengdata. Etter kvart blei «Arealverktøy for havforvalting» etablert av Kartverket i samarbeid med Barentswatch og Miljødirektoratet. No vidareutviklar Kartverket eit FAIR*-dashboard for Mareano-datasett, direkte tilgjengeleg i geodataportalen Geonorge.

*FAIR står for Findable, Accessible, Interoperable og Re-usable. På norsk kan vi seie at data skal vere gjenfinnbare, tilgjengelege, samhandlande og gjenbrukbare. FAIR-prinsippa er generelle og overordna prinsipp for datahandtering som har fått ein viktig plass i policyar og retningslinjer for opne data. Det handlar om om å handtere og beskrive data på ein måte som gjer andre i stand til å forstå, bruke og analysere dei i framtida.

Fakta Om digital samhandling ved eigedomshandel

Eit prosjekt eigd i samarbeid med DSOP (digital samhandling offentleg privat).

Formålet er å digitalisere boligkjøpsprosessen og all dialog mellom bank, meklar og Kartverket i ein bolighandel.

Enkel og trygg deling av data har medført at prosessar som tidlegare har tatt dagar og veker, no skjer på minuttar og sekundar.

Partane i DSOP er Skatteetaten, Brønnøysundregistra, NAV, Digitaliseringsdirektoratet, Politiet, Kartverket, finansnæringa ved Bits AS og Finans Norge i samarbeid med Eiendom Norge.

Share
XPPT