Matrikkelen

På fysisk person mottek matrikkelen både bustad- og postadresse frå Det sentrale folkeregisteret (DSF). Matrikkelen viser postadressa. For dei fleste er postadressa lik bustadadressa, men postadressa inneheld ikkje brukseiningsnummer og brukseiningsnummeret vert difor i matrikkelen henta frå bustadadressa og vist saman med postadressa. Dersom postadresse ikkje er oppgjeve, vert  bustadadressa vist i matrikkelen.

Når det gjeld juridisk person (næringsverksemd, lag og foreningar) mottek matrikkelen både postadresse og forretningsadresse (besøksadresse) frå Einingsregisteret (ER). Dersom postadressa er oppgjeve, vert ho vist i matrikkelen. Dersom postadresse ikkje er oppgjeve, vert forretningsadressa vist i matrikkelen.

Posten

Posten er blant dei største adressebrukarane i Noreg og ynskjer vegadresser over heile landet velkomen. Då er det viktig at vegadressene blir tatt i bruk og at folk melder frå om vegadressen til kontaktane sine sjølv om ein ikkje har flytta.

Dette gjeld når ein eigedom endrar frå matrikkel- til vegadresse eller ved omadressering frå ei vegadresse til ei anna. 

Brønnøysundregistera

Einingsregisteret og Føretaksregisteret er avhengig av at føretak, foreiningar og lag melder inn når dei får vegadresse. Næringsdrivande og foreiningar/lag må melde adresseendring på heimesida til Brønnøysundregistera.