Illustrasjonskart over Troms og Finnmark
ENKELT: Kartverket har laga dei fleste illustrasjonskarta i JPEG-format, noko som gjer det lett å ta dei inn i Word-filer og Powerpoint-presentasjoner. Her er utsnitt av et illustrasjonskart over Troms og Finnmark.
Siste oppdatering

Last ned eller lag illustrasjonskart

Kartverket har illustrasjonskart og oversiktskart som er godt eigna om du treng oversiktskart over Noreg i ein presentasjon eller ei studentoppgåve.

Kartverket har kart som kan opnast med vanleg programvare og brukast anten du treng det til Word eller Powerpoint.

22.06.2020

Sjå brukarrettleing (pdf)

Vi tilrår at du les brukarrettleiinga.

Eigenskapar

Pakka med illustrasjonskart inneheld noregskart, fylkeskart, Europakart, maritime grenser, Svalbard, Jan Mayen og Antarktis:

  • Noreg (relieffkart, topografisk kart og fleire temakart som skog, høgde og tettstader)
  • Fylke (med kommunegrenser, kommunenummer og -namn)
  • Noregs maritime grenser
  • Nord-Europa (med landegrenser, namn på land og hovudstader/byar)
  • Europa (med landegrenser, elver og namn på land og hovudstader)
  • Antarktis, Svalbard og Jan Mayen (enkle kart med stadnamn)

Finn kart

Sjå og last ned alle illustrasjonskarta på Geonorge.no

Bruksområde

Dette er kart som eignar seg som enkle illustrasjonar i små målestokkar. Illustrasjonskarta er godt eigna som oversiktskart over Noreg i til dømes ein presentasjon eller ei studentoppgåve.

Tips: Du kan også vurdere å bruke kartbilete til illustrasjon - sjå eigen artikkel om Kartverkets mange hundre kartbilete i ulike målstokkar.

Format

Vi har laga dei fleste illustrasjonskarta i JPEG-format, noko som gjer det lett å ta dei inn i Word-filer og Powerpoint-presentasjonar. Då er dette berre digitale «bilde» av karta, slik at du ikkje kan endre fargar og liknande. Opnar du dei i standard teikne-eller bilderedigeringsprogram, kan du jobba meir med kartutsnitt, legge inn eigen informasjon og ta utskrift.

AI-filene er lagdelte og er samansett av flater, liner og tekst. Har du Adobe Illustrator, kan du enkelt endre og tilpasse karta sjølv.

Dei fleste illustrasjonskarta er i tillegg lagt ut på EMF- og Powerpoint-format (PPT). Der er det mogleg å endre fargar på flater og liner i karta. EMF-filer kan importerast i eit Word-dokument, og innhaldet kan redigerast der.

Del