Kartverket på Klimaomstillingskonferansen 2026
Korleis bidreg Kartverket til å ta vare på myra? Kva verktøy og kunnskap treng kommunane for å vaske gamle planar? Kva er dei ti mest risikoutsette vegane – og korleis kan Noregs nest største by reparerast gjennom klimaomstilling?
Fact Arrangørar
I tillegg til Kartverket, som sit i programkomiteen, står desse bak #Klimaomstilling:
- Vestland fylkeskommune
- Statforvaltaren i Vestland
- Høgskulen på Vestlandet
- Norsk senter for berekraftig klimatilpassing NORADAPT
- Vestlandsforsking
- Klimapartnere
- Kommunesektorens organisasjon (KS)
- NORCE (et norsk forskningsinstitutt)
- Norsk bremuseum
Kilde: klimaomstilling.no
På Klimaomstillingskonferansen 21.-22. september i Sogndal kom det mange svar, mellom anna på kva ekspertane tilrår for «Norge i hardt vær», og korleis den nye klimaprofilen for kommunen din ser ut.
Men konferansen gav òg mange nye spørsmål – og fleire av dei vart diskuterte vidare over middagen, under ein smeltande isbre i Fjærland: Bøyabreen. Han er ein av dei mest spektakulære og lettast tilgjengelege brearmane av Jostedalsbreen i Sogndal kommune.
Klimatilpassing, klimarisiko og beredskap
Årets tema var «Korleis drive fram klimaomstilling i ei uroleg tid?», og fylkesberedskapssjefen i Vestland opna konferansen med å drage linjene mellom klimaomstilling og totalberedskap. Deretter presenterte leiaren for regjeringa sitt ekspertutval for klimatilpassing tilrådingane frå rapporten «Norge i hardt vær», som no ligg ute på høyring.
Rapporten «Klima i Norge» vart presentert av NORCE. Rapporten gir eit nytt nasjonalt kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing. Det er også lagt ut testversjon av dei nye kommunevise klimaprofilane, der du kan sjekke ny klimaprofil for kommunen din, og gi tilbakemelding om utforming av løysinga.
I lanseringa av NORADAPT sitt system for klimarisikorangering av norske vegar vart det vist kvar dei ti mest utsette vegstrekningane ligg, og etter ein paneldebatt om samarbeid mellom kommune og næringsliv fordelte deltakarane seg på arbeidsverkstader, miniseminar og presentasjonar av ny forsking i parallellsesjonar fram til middagstid.
Utsleppskutt, arealbruk, naturmangfald og energi
Dag to starta med Jørgen Randers, professor emeritus og medforfattar av den internasjonalt kjende boka The Limits to Growth frå 1972. Med eit perspektiv som strekkjer seg meir enn 50 år bakover tok han føre seg klimautfordringane framover mot 2070: Kva vil sannsynlegvis skje – og kva burde vore gjort annleis?
Etter eit tankevekkande innlegg med lang tidshorisont og globalt perspektiv vart blikket retta lokalt. Bergen kommune var første by i Norge med å vedta eit klimamål, og presenterte korleis dei «reparerer byen» gjennom klimaomstilling. Og Vestland fylkeskommune viste kvar skoen trykker i det å ta større omsyn til naturmangfald i praktisk arealplanlegging, før paneldebatt og parallellsesjonar, mellom anna med Klimapartnere som hadde gode praktiske døme på korleis verksemder kan redusere utsleppa sine. Kartverket hadde gode bidrag i ein parallellsesjon i to økter om myr.
Ta vare på myra – frå kunnskap til handling
I parallellsesjon om myr var Kartverket representert ved Anne Guro Nøkleby. Myr er viktig for naturmangfald, klima og vasshandtering. Samtidig ligg det framleis myrareal inne i eldre arealplanar som opnar for utbygging. Det sentrale spørsmålet var derfor:
Kva gjer vi når ny kunnskap om naturen møter gamle planar?
Ingrid Knutsdotter Koren frå Høgskulen på Vestlandet innleidde med eit historisk blikk på myr. Ho tok oss tilbake til tidleg på 1900-talet, då myrkonsulentar arbeidde med kartlegging og utnytting av myr, og fram til dagens digitale kunnskapsgrunnlag.
LAVDAS finn meir myr
Deretter presenterte Anne Guro Nøkleby frå Kartverket LAVDAS - landsdekkande våtmarksdatasett. LAVDAS er eit nasjonalt innovasjonsprosjekt i offentleg sektor, leia av Kartverket i samarbeid med Norsk Regnesentral, NIBIO, NINA og Miljødirektoratet. Målet er å etablere eit detaljert, oppdatert og landsdekkande digitalt datasett over våtmarker i Noreg, med særleg vekt på myr.
Resultat så langt viser at LAVDAS fangar opp nye myrområde der det er stor sannsynlegheit for open myr, og resultata stemmer godt med eksisterande kart. Prosjektet er planlagt fullført i mars 2027. Kartverket har også leia utviklinga av Kart over grå areal i samarbeid med Miljødirektoratet, NIBIO og SSB.
Dei to datasetta kan bidra til mindre utslepp og naturtap; LAVDAS gir kunnskapsgrunnlag for å styre unna myr i planarbeidet, medan Kart over grå areal peiker på områder der utbygging gir lite tap av jordbruksareal og naturverdiar.
Kart over grå areal vart presentert av Magnhild Sletten frå Miljødirektoratet som er dataeigar for kartet. Magnhild presenterte også Naturkart – ei ny satsing på eit landsdekkande økosystemkart basert på satellittdata, med meir detaljert informasjon om mellom anna våtmark og myr.
Frå kart til planvask
Deretter flytta perspektivet seg frå kart og kunnskap til praktisk planvask med Lina Hamre frå Voss herad som viste korleis dei har gått fram i arbeidet med å vurdere eldre planar der ny kunnskap – mellom anna om myr – er brukt som grunngjeving for å vaske ut område avsette til utbygging i kommuneplanen.
James Holtom frå Vestland fylkeskommune samla så trådane og viste korleis kunnskap, kartdata og plandata kan brukast saman for å forstå arealutfordringane – og korleis dette kan omsetjast til konkrete vurderingar gjennom planvask med arealrekneskapet til fylkeskommunen som verktøy.
I arealrekneskapet hadde fylkeskommunen lagt inn ein testversjon av LAVDAS. Eit døme frå Sunnfjord viste at LAVDAS identifiserte om lag 30 prosent meir myr i planreserven enn AR5.
Landsdekkande datasett med ny kunnskap om myr gir eit stort potensial for planvask og utsleppsreduksjon. Ny kunnskap bør gi oss mot til å revurdere gamle arealval.
The mail has been sent!