Endring av stemmekrets for valet i 2023
Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet er måndag 11. september. Kommunane har frist for å melde frå om endringar i stemmekretsane seinast 31. mars 2023.
Valdagen i haust er måndag 11. september. Nokre kommunar har også valdag søndag 10. september. Meir informasjon om valet finn du på valportalen.
Kommunane sin frist for å melde frå om endringar i stemmekretsar er i følgje lova seinast 31. mars i valåret (jf. valgloven § 9-3, andre punktum):
- 9-3. Tid og sted for stemmegivningen. Organisering
(1) Kommunestyret, eller valgstyret etter delegering, avgjør hvor mange stemmekretser kommunen skal deles inn i. Sentral matrikkelmyndighet skal orienteres om endringer i stemmekretsinndelingen innen 31. mars i valgåret.
Spesielt om valet i 2023
Valet neste haust er kommunestyre- og fylkestingsval. Det skal gjennomførast som om delingane av fylke og kommunar som trer i kraft 1. januar 2024 allereie er gjennomførte.
Endringar i stemmekretsar
Kartverket tar i desse dagar i bruk Nasjonal inndelingsbase som verktøy for kretsoppdatering. I første omgang vil dette gjelde berre grunnkretsar og stemmekretsar. I samband med dette blir det nye rutinar for oppdatering av grunn- og stemmekrets.
Det er viktig at kommunen fortel klart og tydeleg kva som er endra, og kva det har blitt endra til. Ved samanslåingar eller delingar treng vi også informasjon om nytt kretsnummer og -namn. Vi ønskjer også at kommunane legg ved vedtaket for endringa.
Dersom endringane fører til nye stemmekretsgrenser, ber vi om manus frå kommunen i form av SOSI-fil. Kommunen kan ta kontakt med Kartverket (Fylkeskartkontoret) for å få tilsendt uttrekk. Kommunen redigerer så fila og sender den tilbake til Fylkeskartkontoret. Fila må innehalde nummer og namn på alle kretsane.
Kartverket sørgjer for å oppdatere basen med endringar på geometri, nummer eller namn. Etter oppdatering blir endringane publiserte i basen, slik at matrikkelen les endringane fortløpande. Endringar på kretsnummer eller -namn, kan ikkje lenger gjerast direkte i matrikkelen. Dersom kommunen bestemmer seg for å endre på kretsnamn eller -nummer etter å ha sendt informasjonen til Kartverket, må vi få beskjed snarast – og seinast innan fristen 31. mars, slik at vi kan oppdatere i basen.
For endringar i skulekretsar og kyrkjesokn blir rutinane inntil vidare som før (jf. føringsinstruksen kap. 5.2).
The mail has been sent!