Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Klassifikasjon av tilgjengelegheits-data

Klassifikasjonane er utvikla for å sikre ei einskapleg kartlegging, som gjev eit solid og samanliknbart datagrunnlag på tvers av kommunane.

Kartverket har saman med fleire organisasjonar komme fram til ein skala som skal nyttast til å vurdere eit område, til dømes eit inngangsparti eller ein veg. Kriteria for vurderinga er avhengig av objekttypen, og kan variera etter plasseringa til objektet og korleis objektet er knytt til andre objekt. Slik kan det bli mange faktorar som bestemmer om eit objekt oppfyller definerte minstekrav eller ikkje.

Kvart objekt som blir registrert skal graderast etter kategoriane i tabellen nedanfor:

Klassifikasjon av tilgjengelegheit 
Gradering Beskriving
Tilgjengeleg Oppfyller minstekrav* til tilgjengelegheit
Delvis tilgjengeleg Oppfyller delvis minstekrav
Ikkje tilgjengeleg Oppfyller ikkje minstekrav
Ikkje vurdert Bygg, vegar og andre objekt som ikkje er vurdert. Dette kan vere tilfelle til dømes når bygging er i gang og det ikkje er mogleg å registrere alle eigenskapar som trengs for å gjere ei vurdering

* Basert på:   

 Oversikt over klassifisering

Klassifikasjonane er under kontinuerleg utvikling. Sjekk at du har den siste versjonen før du tek klassifikasjonslistene i bruk.

Share