Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Stortinget ønsker å sette fart på marine grunnkart

– Det er svært viktig å ha framdrift på kartlegging av kyst- og havområda og å nyttiggjere data som kjem ut frå dette arbeidet, sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik i Stortinget 30. mai.

Innstilling frå kommunal- og forvaltingskomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Birgit Oline Kjerstad, Grete Wold og Ingrid Fiskaa (SV) om marine grunnkart i kystsona, blei behandla i Stortinget 30. mai 2023.

Alle partia på Stortinget har samla seg om forslaget om å sette fart på arbeidet med å lage marine grunnkart for alle norske fjordar og kystområde innafor grunnlinja.

Blå vekst

– Dei blå næringane er i vekst og kommunane treng eit godt kunnskapsgrunnlag. Det er avgjerande at arealplanane for kystkommunar gir sunne hav og god næringsutvikling, sa kommunal- og distriktisminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Gjelsvik forsikra om at regjeringa følger opp nøye:

– Marine grunnkart for heile kysten vil vere ei betydeleg investering over mange år. Det er viktig å bruke nødvendig tid for å ta gode avgjerder.

Felles kunnskapsgrunnlag og færre konfliktar

– Det er et vellykka pilotprosjekt som viser at det er mogleg å få på plass eit betre kunnskapsgrunnlag enn før. Data skal gi kommunar og lokalsamfunn ressursar og kunnskap om eigne føresetnadar i møte med næringsinteresser og statlege etatar, slik at eit felles kunnskapsgrunnlag vil gje færre konfliktar. Det er gevinstar å hente med marine grunnkart, så no må vi halde oppe tempo, sa Siri Gåsemyr Staalesen (A), saksordførar i kommunal- og forvaltingskomiteen, frå talarstolen i Stortinget.

Anne Kristine Linnestad (H) poengterte i Stortinget at marine grunnkart vil kunne vere avgjerande for berekraftig fiskeri og framtidig miljøovervaking, og la til at:

– Arbeidet bør gjerast med ein prioritert liste om kva som skal kartleggast kor og når, i tett samarbeid med fylke og kommunar. Samstundes er det viktig at erfaringane baserer seg på pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona.

Viktig for Noreg

Birgit Oline Kjerstad (SV), ein av forslagsstillarane, sa at det er svært viktig å få fart på arbeidet og at marine grunnkart er viktig for Noreg:

– Det meste av arealet langs kysten er fleirbruksområde. Kystøkologien er ikkje godt nok kartlagt eller forstått. Det er bruk for marine grunnkart enten du skal legge ein kabel, treng å vite om rasfare eller grunnforhold eller behandle søknadar om havbruk. Piloten viser korleis vi kan få heildekkande digital terrengmodell av land og sjø – og kart som er lette å bruke til planlegging, forvalting og fiskeri.

Opptak av direktesendinga frå Stortingssalen, kor innstilling frå kommunal- og forvaltningskomiteen vart behandla 30. mai 2023, blir publisert i videoarkivet på stortinget.no.

Pilotprosjekt

Kartverket, Norges geologiske undersøking og Havforskingsinstituttet har i tre år samarbeida om å lage heilt nye og detaljerte kart for tre utvalde pilotområde langs norskekysten.

Dette er marine grunnkart som viser alt frå djup, botnforhold, biologisk mangfald, straum og saltinnhald med meir. Med andre ord, alt vi treng når vi skal lage gode kystsoneplanar eller utvikle den blå økonomien.

Les meir om pilotprosjektet Marine grunnkart i kystsona.

Share
XPPT