Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Fire sjøkart i nye utgåver

Hovudseriekart i Vestland (nr. 22) og Nordland (nr. 69), kystkart i Finnmark (nr. 313) og hamnekart for Kårstø og Karmsundet (nr. 491) er gitt ut i nye utgåver. Sjøkarta inneheld mange oppdateringar, både nymålingar og omskjerming av sektorlykter. 

Tidlegare utgåver av dei fire sjøkarta er no ugyldige. Karta blir ikkje trykte, men blir plotta på bestilling gjennom Print on Demand-tenesta.

Hovudseriekart i Vestland og Nordland

  • Sjøkart nr. 22  Samnanger-, Bjørna- og ytre Hardangerfjorden
  • Sjøkart nr. 69 Tranøy – Raftsundet

Karta er i målestokk 1:50 000 og er ein del av Kartverkets hovudkartserie. Hovudseriekart er i første rekkje navigasjonskart for indre kyststrøk.

Sjøkart nr. 69 er oppdaterte med nye djupnedata i Raftsundet. Her er det òg store endringar på lanterner og lykter.

Kystkart Lopphavet – Mehamn

Sjøkart nr. 313 / INT 9316  Lopphavet – Mehamn, er i målestokk 1:350 000.

Kartverkets kystkart brukast til å navigere i kyststrøk som ikkje er dekt av hovudkartserien, i utanskjærs seglas langs kysten, samt på fiskebankane.

Hamnekart Kårstø og Karmsundet

Sjøkart nr. 491 Kårstø og Karmsundet, er i målestokk 1:10 000 (Kårstø) og 1:20 000 (Karmsundet). Hamnekartet er oppdatert med nye djupnedata ved Husøy i Karmsundet.

Kartverkets hamnekart gir eit detaljert bilde av djupneforhold og kaianlegg i hamnene og innseglingar i kyststrøka.

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfiler som forhandlarar trykkjer for deg, såkalla Print on Demand-kart (POD).

Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestilla papirkart hos.

Endringar i sjøkarta

Alle karta er oppdatert etter mange endringar og rettingar meldt i Etterretniger for sjøfarande (Efs).

Nokon sektorlykter i desse sjøkarta er omskjerma til IALA-systemet. Det kan vere omfattande endringar. Les meir om overgangen til IALA-standard på Kystverkets nettsider.

Andre rettingar i karta kan vere sjømerke, fartsavgrensningar, røyrleidningar, grunnerapporteringar, utfyllingar og anna.

Sjøkarta er oppdatert med alle innrapporterte endringar sidan førre gong karta vart gitt ut, som er meldt i Efs. I tillegg er karta oppdatert med andre endringar som ikkje er meldt i Efs. Dette kan vere nye kaiar, moloar og nymålingar i større og mindre grad.

Stadsnamn er oppdatert etter opplysningar henta frå sentralt stadsnamnregister (SSR).

Alle tryggleikskritiske oppdateringar og rettingar til offisielle norske sjøkart er gratis tilgjengeleg via den digitale tenesta for Efs: kartverket.no/efs.

Slik er karta merka:

Ny utgåve 11/2023. POD: 2. november 2023. Retta t.o.m. Efs nr. 20/23.

Elektroniske sjøkart

Områda som blir dekte av sjøkarta er òg dekte av ENC-er (elektroniske kartceller).

Ny utgåve

Ein ny utgåve av eit eksisterande kart inkluderer endringar viktig for navigasjon, i tillegg til endringar som tidlegare er kunngjorde i Etterretninger for sjøfarande (Efs). Når ein «ny utgåve» av sjøkartet blir gitt ut, vil tidlegare utgåver vere forelda og dermed ugyldige.

Det blir presisert at store delar av kartet er uendra. Kartnummeret blir ikkje endra, med unntak av tilføying av INT-nummer når sjøkartet blir eit internasjonalt kart (INT-kart).

Norske sjøkart blir gitt ut som POD-kart, ny utgåve og nytt kart. 

Kontakt

Anita Sunde

Seksjonssjef i kart- og geodataseksjonen, Kartverkets sjødivisjon

anita.sunde@kartverket.no

Tlf. 51 85 88 95 / 46 62 23 66

Les meir

Den norske los

Kor kan eg bunkre og ankre opp? Kor er det trygt å ferdast? Planlegg og lag seglingsruter i den digitale farvatnskildinga Den norske los, dnl.kartverket.no. 

Datakvalitet i norske sjøkart

Ver obs på kvaliteten på djupnedataa i sjøkartet! Er det område som aldri har blitt kartlagt eller som er sjømålt med handlodd før år 1960? Sjekk kjelde-/ZOC-diagram som gir info om kor nøyaktig djupnedataa er i kartet.

Se havnivå, vasstand og tidvatn

På tenesta Se havnivå finn du informasjon om observert og varsla vasstand, flod, fjære og tabellar for tidvatn ved å søke på ein stad. I tillegg er der artiklar om referansenivå, havnivå, tidvatn og vasstand.

Share