Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Søk etter flyfoto

Alle partar i geodata-samarbeidet Noreg digitalt kan no søke i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. Sjå kva flyfoto som finst, kvalitet og metadata.

I flyfoto.kartverket.no er det mogleg å søke i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. For å få tilgang er det nødvendig å logge på med GeoID

Søkeverktøyet gir informasjon om kva slags enkeltbilde som dekker eigedommar, plassering og eigenskapar – og inneheld metadata som dato, målestokk eller detaljgrad (gsd), id til flyfotoprosjekt (dekningsnummer), om bildet er digitalt eller analogt.

Det er ikkje mogleg å laste ned eller sjå på sjølve flybilda.

Innsikt og oversikt med ein gong

Sentralarkivet for flyfoto og satellittbilde inneheld meir enn 1,3 millionar analoge flyfoto og til saman 2,7 millionar digitale vertikalbilde. Dette er originalar av samtlege flybilde tatt i Noreg frå 1935 og fram til i dag. Bilde frå 1935 til 1960 er som regel digitalisert. Andre historiske bilde må digitalisast på forespurnad.

– Informasjonen som folk ønsker å få ut av flybilda er veldig individuelt. Vi kan derfor ikkje forsikre om at informasjonen som akkurat du er ute etter, finst i bilda, fortel Hardy Buller i Kartverket, og fortset:

– Men, no kan kommunar og andre partar i Noreg digitalt sjølv gjere geografiske søk i sentralarkivet for flyfoto. Dette gir dei ei innsikt og oversikt med ein einaste gong over kva bilde som finst og om bilda er digitalisert.

Flyfoto blir brukt m.a. i kommunal saksbehandling, til samfunnsplanlegging, miljøutgreiing, til å avklare rettigheiter til eigedom – og til å lage kart.

Millionar med flyfoto

I sentralarkivet for vertikalbilde – flyfoto.kartverket.no – lagrar og forvaltar Kartverket digitale flybilde og tilhøyrande flyfotoprosjekt- og metadata.

Arkivet inneheld:

  • over 20 000 flyfotodekningar
  • meir enn 1,3 millionar vertikalbilde (flybilde som er tatt loddrett ned på bakken), kor ca. 500 000 er digitalisert p.t.
  • informasjon om 3,5 millionar unike flybilde

Graderte flybilde ligg i eit separat og gradert informasjonssystem.

Det var i Stortingsproposisjon nr. 1 1979–1980 at Kartverket fekk i oppdrag å etablere «Statens sentralarkiv for flybilder og fjernmåledata», med formål om å sikre framtidige generasjonar tilgang til viktig bildemateriale.

Eksempel frå søke- og kartløysing som viser plasseringa og bilde-id til flyfoto, slik det viser i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde.
NYARE FLYFOTO: Plassering og bilde-id til flyfoto, slik det viser i flyfoto.kartverket.no, søkeverktøyet til digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. Foto: Skjermdump
Eksempel frå søke- og kartløysing som viser plasseringa og bilde-id til flyfoto, slik det viser i digitalt sentralarkiv for vertikalbilde.
ELDRE FLYFOTO: Plassering og bilde-id til flyfoto, slik det viser i flyfoto.kartverket.no, søkeverktøyet til digitalt sentralarkiv for vertikalbilde. Foto: Skjermdump

Bestille flyfoto

Flybilde og tilhøyrande prosjektdata er mogleg å bestille frå Kartverket. Dette krev ei individuell saksbehandling i kvart enkelt tilfelle. Sjølve ekspederinga er ikkje gratis og bestillar må betale for jobben.

Rettigheiter til flyfoto-dataa er ulike. Mykje data er etablert i samarbeid med fleire aktørar, mellom anna gjennom Geovekst-samarbeidet og omløpsfotografering.

Les meir om å bestille flyfoto.

Noreg i bilde

I karttenesta «Norge i bilder» har flyfotoa gått gjennom ein prosess med georeferering, slik at bildet stemmer overeins med kartet. Ortofoto heiter slike bilde. Alle ortofoto som er laga i offentleg samanheng er samla i «Norge i bilder».

Noreg digitalt-partar har utvida tilgang til «Norge i bilder», og kan laste ned ortofoto og bruke visningstenester som WMS og WMTS. Privatpersonar kan kjøpe ortofoto frå «Norge i bilder» via våre forhandlarar.

Fakta Digitalt sentralarkiv for vertikalbilde

Søk i arkivet er tilgjengeleg for partar i geodata-samarbeidet Noreg digitalt. Det er ikkje mogleg å laste ned eller sjå på sjølve flybilda.

Innsynsløysinga krev login med GeoID.

Vertikalbilde er flybilde som er tatt loddrett ned på bakken.

flyfoto.kartverket.no

Fakta Noreg digitalt

Eit samarbeid mellom verksemder som har ansvar for å framskaffe stadfesta informasjon, og store brukarar av geodata.

Partar i samarbeidet er kommunar, fylke og nasjonale etatar.

Skolar og universitet har tilgang til alle geodata og geodatatenester i Noreg digitalt-samarbeidet.

Hjelp og spørsmål

Kontakt

Kundesenteret hjelper med spørsmål og rettleiing til søkeverktøyet flyfoto.kartverket.no

kundesenter@kartverket.no

Tlf.  32 11 80 00

Share
XPPT