Praksisstudentar ser på DOK i kommunane
To studentar frå Universitetet i Stavanger har fått praksisplass hos Kartverket Rogaland. Dei skal sjå på arbeidet rundt det offentlege kartgrunnlaget (DOK) i kommunane.
Nils Henrik Gyland og Ronja Katrin Gangstø går tredje året ved bachelorstudiet for byplanlegging og samfunnssikkerheit ved institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging ved Universitetet i Stavanger (UiS).
Gjennom hausten skal dei studere arbeidet med det offentlege kartgrunnlaget (DOK). Dette er geografiske data som er tilrettelagt for kommunane sitt plan- og byggesaksarbeid.
Kva slags kommunar deltar og har dei nytte av å velje DOK? Kan det å ikkje velje DOK få konsekvensar for kommunane? Nyttar dei andre løysingar som til dømes Temakart Rogaland og kva konsekvensar har dette? Formålet med DOK er å sikre at planlegging og saksbehandling skjer effektivt og er basert på kunnskap.
Kva tenkjer studentane om arbeidet som ventar?
Ronja Katrin Gangstø er opphavleg frå Namsos og Nils Henrik Gyland frå Kristiansand. Inspirert av ein presentasjon som Kartverket heldt på UiS, søkte dei om praksisplass hos oss.
– De skal sjå nærare på arbeidet kring DOK i kommunane. Kva tenker de om denne problemstillinga og om arbeidet dykk skal i gang med?
– Det blir spennande å høyre kva dei som jobbar i kommunane har å seie om DOK, om det fungerer fint eller om dei synest det er vanskeleg. Seinare skal jo eg kanskje vere ein av dei som sitt i kommunen og skal velje DOK, seier Ronja.
– Problemstillinga om DOK og arbeidet vi skal utføre som praksisstudentar verkar både interessant og handterbart. Det å få oversikt over korleis kommunar og private aktørar brukar DOK, verkar som eit område som treng meir merksemd. Vi som praksisstudentar ser for oss at det kan vere til god hjelp å kome inn med nye auge, seier Nils Henrik.
Gjensidig nytte av samarbeid
Kartverket har ei målsetting om at Noreg skal være leiande innan bruk av geografisk informasjon.
– Ein metode er å samarbeide med relevante studiar ved universiteta rundt om i landet. UiS og Kartverket fann ut at vi har mest gjensidig nytte av eit samarbeid med institutt for sikkerheit, økonomi og planlegging, fortel fylkeskartsjef Jon Moe i Kartverket Rogaland.
– Når studentane er ferdige, vil dei vere brukarar av geografisk informasjon. På vegen dit håper vi å kunne bidra til at dei er litt flinkare til å utnytte skattekista av geografisk informasjon dei har tilgjengeleg i Noreg. Vi tar sikte på at dette er starten på eitt godt samarbeid med UiS som kartkontoret i Rogaland kan bygge vidare på etter kvart som vi får meir erfaring, seier Jon.
Ein smakebit på arbeidslivet
Kva håpar studentane å elles få ut av å vere i praksis hos Kartverket?
– Eg håper på å få ein smakebit på arbeidslivet. Eg gler meg også til å lære meir om GIS og korleis kart blir brukt i byplanlegging, seier Ronja.
Nils Henrik gler seg til å få eit betre innblikk i kva Kartverket gjer dag for dag:
– Dette er min første offisielle kontorjobb. Det blir interessant å sjå kva som kan forventast dei kommande åra, seier han.
Fakta Kva er DOK?
Det offentlige kartgrunnlaget (DOK) er offentlege, geografiske data som er lagt til rette for plan- og byggesaksarbeid i kommunane. Formålet med DOK er å sikre at planlegging og saksbehandling skjer effektivt og er basert på kunnskap.
The mail has been sent!