Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Helsing til Giellavahkku frå Kartverket

Saksbehandlarane for stadnamn i Kartverket hadde eit gjevande møte saman med representantar frå Sametinget og Språkrådet i Kautokeino/ Gouvdageaidnu 17. ̶ 19. oktober. Eit tema som var oppe fleire gonger, var synleggjering av samiske stadnamn.

Den samiske språkveka (Giellavahkku) vart markert med fleire arrangementer over heile landet. I Kautokeino/ Gouvdageaidnu starta det første innlegget med Kaisa Rautio Helander ved Sámi allaskuvla – Samisk høgskole som peikte på problem som kjem av at kommunane berre kan velje adressenamn på eitt språk. Sidan norsk er majoritetsspråk, er dei fleste adressenamna på norsk, sjølv i område som er to- eller fleirspråklege. Møtet blei samd om å vende seg til departementet med ei oppmoding om å opne for å ha adresser på fleire språk til liks med t.d. Finland.

Liv Inger Somby, som sjølv var med i Sannings- og forsoningskommisjonen, gjekk gjennom sentrale moment i rapporten frå kommisjonen. Her blir det også peikt på at minoritetsspråklege namn på skilt er viktig for å synleggjere minoritetsspråk: «Språkvalg i offentligheten sender symbolske budskap om språks viktighet, makt og relevans. Om et språk brukes eller ikke brukes i det offentlige rom, har stor innvirkning på språkpolitikk og -bruk. Veiskilt med bare norske navn i to- og flerspråklige områder viser at det fortsatt råder et syn om at én kultur er dominant.»

" width=
Under den samiske språkveka møttest saksbehandlarane for stadnamn i Kartverket, representantar frå Sametinget og Språkrådet i Kautokeino/ Gouvdageaidnu. Foto: Aud-Kirsti Pedersen

 

Undervisningsmateriale om samiske stadnamn

Eitt av stadnamnkursa som blir tilbydd på Sámi allaskuvla, går ut på å utvikle undervisningsmateriale om samiske stadnamn. Maria Louise Sara i Sametinget presenterte eit spel om stadnamn, som har bakgrunn i eit studentarbeid frå tida då ho var student. Studentarbeidet har resultert i brettspelet “Čuoibmut” (‘å stake’) med spørsmål om stader i og langs elva Kárášjohka. I tillegg har Maria Louise Sara gjort ein innsats for å få inn dei samiske namna på sjekkpunkta langs løypetraseen til Finnmarksløpet. Namna har no blitt ein del av det offisielle løypekartet, og dette er ein fin måte å synleggjere samiske stadnamn.

Eitt av kursa om stadnamn ved Sámi allaskuvla, handlar om å utvikle undervisningsmateriale for samiske stadnamn. Foto: Aud-Kirsti Pedersen
Eitt av kursa om stadnamn ved Sámi allaskuvla, handlar om å utvikle undervisningsmateriale for samiske stadnamn. Foto: Aud-Kirsti Pedersen

Framtidig samarbeid 

I Sentralt stadnamnregister har Kartverket har eit stort materiale av samiske namn med fastsette skrivemåtar til offentleg bruk. Desse namna er ein viktig ressurs som kan brukast av det offentlege på skilt, som adressenamn, namn på skolar, kyrkjer og institusjonar av ulike slag. Kartverket ønsker også i framtida å samarbeide med Sametinget, kommunane og andre offentlege organ for å synleggjere samiske stadnamn på ulike område i samfunnet. 

Les meir om stadnamn på samisk og bokmål.

Share
XPPT