Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kartverkets 250-årsjubileum blir markert med minnemynt frå Noregs Bank

I 2023 er det 250 år sidan Kartverket vart etablert. Jubileet blir markert av Noregs Bank med utgjeving av ein minnemynt, ein 20-krone sirkulasjonsmynt med spesialpreg.

– Minnemynten som Noregs Bank ønsker å gje ut i samband med jubileet vårt i 2023 synleggjer tydinga av Kartverkets rolle historisk og fram til i dag. Vi har spelt ei viktig rolle frå tidleg nasjonsoppbygging, då Noreg ikkje var ein sjølvstendig stat, til det å kartlegge og måla opp landet. I dag er vi ei moderne verksemd og ein sentral aktør i å skapa verdiar gjennom deling av stads- og eigedomsdata, seier kartverkssjef Johnny Welle.

Starten på kartlegginga av Noreg

«Kartverket er ein av Noregs eldste tekniske etatar, med røter tilbake til 1773. Då vart Noregs Grændsers Opmaaling etablert, også kalla Noregs militære Opmaaling. Etaten gjekk sidan lenge under namnet Noregs geografiske oppmåling. Då sjømålinga og landsmålinga vart samla i 1986, etter 54 år som separate oppmålingsinstitusjonar, vart etaten til Statens kartverk. Etableringa i 1773 var starten på den systematiske geografiske kartlegginga av Noreg. I dag er Kartverket øvste mynde innan kart, geografiske data og offentleg registrering av eigedom», skriv Noregs Bank i pressemeldinga si.

– Datainnsamling og systematisering og formidling av desse til ulike formåla har heile tida vore ein del av virket vårt. Historisk har vi kartlagt og målt opp. Gjennom 200 år har Kartverket utvikla seg til å bli ein viktig premissgjevar for eit velfungerande finans- og eigedomsmarknad, men også ei sentral brikke i alle løysingar som er knytt til stad eller geografisk informasjon, seier Welle.

Viktig rolle historisk og i nåtid

Med minnemyntutgivinga ønsker Noregs Bank å markera at etableringa av Kartverket var ei viktig nasjonal hending i ei tid då Noreg enno ikkje var ein eigen stat. Karta bidrog til å definera nasjonen, dei understøtta forsvaret av territoriet og etableringa av infrastruktur og kommunikasjonar, og dei medverka til at landet, kysten og havet vart tatt i bruk på nye og sikrare måtar. Kartverket har i vid forstand forma kven vi er som nasjon, og speler framleis ei svært viktig rolle i dagens samfunn, heiter det frå Norges Bank.  

– Vi gleder oss over at Noregs Bank gjev ut denne minnemynten, og vi gleder oss til å markera 250-årsjubileet i 2023. Denne hendinga vil vi at heile Noreg skal få ta del i på ein eller annan måte, seier kartverkssjef Johnny Welle.

Share