Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Øst møter vest i løypestreng-land

Mellom Kartverket sine oppgåver med Nasjonalt Register for Luftfartshinder (NRL) er registrering av løypestrenger. Aurland kommune med over 140 løypestrenger vart vald ut til oppstart og befaring.

I statsbudsjettet for 2026 fekk Kartverket ei stor løyving til arbeid med NRL. Kraftledningar og andre luftfartshinder blir registrerte i eit system som blant anna Luftambulansen har tilgang til. Det gjer det enklare for dei å finne trygge landingsplassar når dei er ute på oppdrag. NRL-teamet i Kartverket skal hjelpe kommunane med å bidra til eit oppdatert NRL med stor samfunnsnytte.

Øst møter vest i løypestreng-land - KV tjenestebil Foto Anne Lien KV VESTL 16-9.jpg
LETT Å OVERSJÅ: Bak Kartverket si tenestebil er det to løypestrenger. Dei er nesten umoglege å sjå. Ikkje rart at helikoptera treng Nasjonalt luftfartsregister for å lande trygt. Foto: Anne Lien Kartverket Vestland

Løypestrengjer

Blant oppgåvene til Kartverket med NRL er registrering av løypestrengjer. Ein løypestreng er ein slags taubane som ofte går i bratt terreng, og som vart mykje brukt før i tida til å sende høy, ved og andre ting frå avsidesliggjande gardar og ned til veg eller sjø. Enkelte stader kunne ein òg hale varer opp langs strengen. I dag er mange løypestrengjer nedlagde, men nokre heng framleis oppe og blir brukte blant anna til å frakte vilt ned frå jaktområde.

Løypestrengjer er ofte privat eigde

Løypestrengjene er som regel privat eigde, og det er vanskeleg å få oversikt over kor mange det er, kor dei ligg, høgda over bakken, og eigarskap.

Her trengst det lokalkunnskap, og då kjem fylkeskartkontora inn i biletet, med det gode kontaktnettet vårt i kommunane.

I fint samarbeid mellom Kartverket Innlandet, Kartverket Vestland og prosjektgruppa på hovudkontoret, vart derfor Aurland kommune vald ut til oppstart og befaring.

Øst møter vest i løypestreng-land - kontor Foto Anne Lien KV VESTL 16-9.jpg
INFORMASJONSUTVEKSLING FØR SYFARING: Frå venstre rådgiver i Aurland kommune, , Snædís Laufey Bjarnadóttir, deretter Jostein Dale og Iver Kroken fra fylkeskartkontoret Innlandet. Deretter Daiva Maciule og Maren Leirvåg fra fylkeskartkontoret Vestland, og Yonatan Taye fra Grunndataavdelingen i Kartverket. Foto: Anne Lien Kartverket Vestland

Grundig førearbeid av Aurland kommune

Aurland er ein bratt kommune som har hatt over 140 løypestrengjer, og det er viktig å sjekke kva for nokre som framleis finst, og få dei inn i NRL.

Les meir om Aurland kommune

Det vart derfor lagt til rette for eit møte mellom kommunen og Kartverks-folk frå aust (Hamar og Hønefoss) og frå vest (Bergen).

Kommunen stilte både med leiing og lokalbakst, og ikkje minst med den engasjerte rådgivaren for kart og geodata, Snædís Laufey Bjarnadóttir. Ho hadde gjort eit svært godt førearbeid, inkudert annonsering på nettsidene til kommunen og på Facebook, og graving i gamle arkiv. Her fann dei blant anna eit flott handteikna løypestreng-kart frå 1970.

Håndtegnete løypestrenger på kart Snædís Laufey Bjarnadóttir Aurland kommune Foto Anne Lien KV VESTL 16-9.jpg
HANDTEIKNA KART FRÅ 1970: Rådgiver i Aurland kommune, Snædís Laufey Bjarnadóttir, med et flott håndtegnet kart over løypestrenger i kommunen, fra 1970. Foto Anne Lien Kartverket Vestland

Kommunen kunne også bidra med e-postadresser til dei ulike jaktlaga i kommunen. Dei traskar mykje i terrenget og veit kvar det framleis går strenger i lufta.

Etter ein informativ presentasjon frå aust-gjengen om NRL og prosjektet, vart metodikk og vegen vidare diskutert. Kommunen var veldig på tilbodssida, og vil nok bli ein ressurs i den vidare prosessen.

Øst møter vest i løypestreng-land - befaring Foto Anne Lien KV VESTL 3-4.jpg
SYNFARING VED LØYPESTRENG: Frå venstre står rådgjever i Aurland kommune Snædís Laufey Bjarnadóttir, deretter Daiva Maciule og Maren Leirvåg fra fylkeskartkontoret Vestland, og Iver Kroken fra fylkeskartkontoret Innlandet. Foto: Anne Lien Kartverket Vestland

Besøket vart avslutta med synfaring ved ein løypestreng. Det er ikkje vanskeleg å forstå at desse kan vere livsfårlege for helikoptertrafikk, og det er viktig å setje dei på kartet og få dei inn i NRL.

Vi vil derfor takke gjengen frå aust for at dei brukte dagen her i vest, og ønskjer dei lukke til med det viktige arbeidet.

Share
XPPT