Full klaff for datafangst i Vestland fylke
Til trass for vekslande vêr vart det 100 prosent datafangst i alle karleggingsprosjekta i år. Dataa inngår i det offentlege kartgrunnlaget, og vert tilgjengeleg i løpet av hausten.
Datafangsten er i hamn for alle sju pågåande kartleggingsprosjekt. Utover hausten vil kartleggingsfirma produsere laserdata, bruke flybileta til å konstruere oppdaterte kart og etablere ortofoto. Desse vert sendt til Kartverket som kontrollerer før distribusjon til partane. Det vert også matcha overflatemodellar frå flybileta. Leveransane inngår i det offentlege kartgrunnlaget, og vert tilgjengeleg mellom anna via:
- norgeibilder.no (ortofoto, georefererte flyfoto)
- hoydedata.no (laserdata og matcha overflatemodellar)
- norgeskart.no (oppdaterte kart)
The mail has been sent!