Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Første kommunebesøk gjennomført

Kartverket Vestland har som mål å besøkja fire kommunar (10 prosent) på leiarnivå kvart år. Me starta 2026 med besøk til Modalen kommune.

For Kartverket er det viktig med god samfunnskontakt, og synleggjering av det me driv med. Desse oppgåvene er også understreka i tildelingsbrevet frå departementet. Fylkeskartkontora fyller derfor ein viktig funksjon, fordi dei er tette på samarbeidspartane i dei ulike regionane.

Modalen veiskilt KV Vestl Anne Lien16-9.jpg
VEGSKILT: På veg til det første kommunebesøket i år

Tett på samarbeidspartane

Me har ei rekkje møtepunkt gjennom året, alt frå lokale kartdagar og FDV-årsmøte til fagdagar og mykje anna. Der treff me mellom anna geodatamedarbeidarane til kommunane, som me har eit godt samarbeid med.

For nokre år sidan vart det også innført eit mål om at me kvart år skal besøkja 10 prosent av kommunane på leiarnivå. Dette skal sikra forståing for kor viktig det er med gode kart- og matrikkeldata. Ein rådmann/ kommunedirektør har eit stort ansvarsområde, som spenner frå skule og helse til teknisk drift. Når budsjetta er stramme, kan mindre fagområde bli nedprioriterte til fordel for oppgåvene som står øvst på dagsordenen.

Modalen Aase Midtgaard Skrede om temadata KV Vest Anne Lien 16-9.jpg
TEMADATA: Aase Midtgaard Skrede, Kartverket Vestland diskuterer turruter med rådmannen i Modalen. Alle foto: Anne Lien/ Kartverket Vestland.

Kartverket sitt ansvar

Ansvaret til Kartverket er å visa korleis geodata er eit viktig kunnskapsgrunnlag for kommunen, og ein føresetnad for mange av tenestene som skal leverast. Det må derfor setjast av nok ressursar til dette, sjølv i tronge tider.

Fire kommunar årleg

I Vestland fylke har me 43 kommunar, og me besøkjer derfor 4 kommunar på leiarnivå kvart år. Me inviterer rådmann/ kommunedirektør og hans/ hennar leiargruppe. I tillegg inviterer me medarbeidarar innan matrikkel- og geodata. Deltakinga varierer frå 3-4 personar og oppover. Ein stad stilte kommunen med heile 17 deltakarar!

Erfaringsutveksling om ansvar, utfordringar med meir

På desse møta pleier me å informera litt om ansvarsområda våre, kva me kan bidra med for kommunane og kva me forventar, både når det gjeld dei lovpålagde oppgåvene i kommunen innan geodata og elles.

Og så er me jo interesserte i å høyra om arbeidet i kommunen og kva dei ser som utfordringar. Generell informasjon om kommunen er også interessant for oss, for at me skal bli betre kjende med regionen vår. Tanken er at det skal vera eit møte som er nyttig for begge partar.

Første kommunebesøk i år gjekk til Modalen kommune

Nyleg var me på det første kommunebesøket i år i Vestland. Me drog til Modalen, som ligg mellom bratte fjell 1,5 time nord for Bergen.

Dette er den minste kommunen i fylket i folketal (380 innbyggjarar), og den nest minste kommunen i landet. Modalen har 11 tilsette på rådhuset, og ca. 90 kommunalt tilsette totalt.

Dei er gode på rekruttering, og blir opplevde som ein attraktiv arbeidsplass både for kommunen sine eigne innbyggjarar og for pendlarar frå nabokommunen.

Kart over Modalen KV Vestl besk.jpg
MODALEN KOMMUNE: Kart over Modalen kommune. Klikk for heile bilete.jpg

Modalen har store kraftinntekter, og dei har både barnehage, skule, sjukeheimar og symjebasseng, og eit triveleg lite sentrum inst i ein smal fjord.

Stort areal og krevjande klima

Kommunen dekkjer eit område på storleik med Bergen kommune, og ein skulle tru at dei hadde mykje ledig areal. Men det er bratt og rasfarleg og utsett for flaum frå elveløp. Det er derfor ei krevjande oppgåve å utvikla areala, og då er gode kartdata vesentleg.

Modalen Olav Håvik om FKB KV Vestl Anne Lien16-9.jpg
KARTLEGGINGSPLAN: Olav Håvik, Kartverket Vetland går gjennom kartleggingsplanen.

Eit gjensidig og nyttig møte

Me blir alltid tekne godt imot på slike kommunebesøk, og leiinga framhevar ofte at Kartverkets initiativ er svært positivt. Modalen var ikkje noko unntak, og me takkar for eit verkeleg hyggjeleg og gjensidig nyttig møte.

Modalen solnedgang KV Vest Anne Lien16-9.jpg
SOLNEDGANG: Me fekk med oss ein vakker solnedgang på veg tilbake til Bergen. Takk for oss!

Neste kommunebesøk går til Askvoll

Neste kommunemøte blir i kystkommunen Askvoll i april, og det gler me oss til.

Share
XPPT