Mellomstore kommunar best på bruk av DOK
Det viser ein nyleg gjennomført studie i Rogaland. Mellomstore kommunar har ofte faste, tverrfaglege arbeidsgrupper som årleg reviderer DOK. Små kommunar manglar ofte ressursar og store kommunar støttar seg i stor grad på eigne kart og data.
Kva er DOK?
Det offentlige kartgrunnlag (DOK) er offentlege geografiske data som er tilrettelagt for kommunanes plan- og byggesaksarbeid. Formålet med DOK er å sikre at planlegging og saksbehandling skjer effektivt og basert på kunnskap.
Hausten 2024 hadde Nils Henrik Gyland og Ronja Katrin Gangstø, studentar ved Universitetet i Stavanger (UiS), praksisplass hos Kartverket Rogaland. I desember 2024 leverte dei praksisrapporten «Korleis jobbar kommunane eigentleg med DOK-data?».
– Rapporten har gitt oss eit unikt innblikk i utfordringane kommunane i Rogaland har med DOK-arbeid. Me har fått eit tydelegare bilete av dagens situasjon og verdifulle innspel. Studentane har også avdekt konkrete tiltak som kan bidra til positive endringar, seier Jon Moe, fylkeskartsjef i Rogaland..

Resultat frå rapporten
I praksisperioden har Nils Henrik Gyland og Ronja Katrin Gangstø intervjua seks kommunar, private aktørar og Geonorge-ansvarlege i Kartverket.
Praksisrapporten viser at Rogaland ligg under landsgjennomsnittet i bruk og val av DOK-data. Mange kommunar har ikkje oppdatert sine DOK-data på fleire år, og ingen kommunar i fylket har så langt gjort sine lokale DOK-data tilgjengeleg på Geonorge.
Storleik på kommunane og bruk av DOK
Storleiken på kommunen ser ut til å spela ei stor rolle i korleis kommunane forheld seg til DOK, viser praksisrapporten.
I mindre kommunar er det ofte berre éin eller få tilsette som har ansvar for geodata. Dette avgrensar høve til å prioritera arbeid med DOK. Her er arbeidet gjerne basert på personleg initiativ framfor strukturert praksis, og bruken av DOK i plan- og byggjesaksarbeid er derfor avgrensa.
Mellomstore kommunar har ofte faste, tverrfaglege arbeidsgrupper som årleg reviderer DOK. Ved å involvera både plan- og geodataavdelingar får dei ein felles eigarskap til prosessen. Dette sikrar at DOK-dataa er relevante og godt integrerte i plan- og byggjesaksarbeidet.
Store kommunar bruker likevel DOK i liten grad. Dei opplever at oppdateringsfrekvensen er utilstrekkeleg. Dei støttar seg i staden på eigne kart og data. Dette reduserer nytta av DOK i deira arbeid.
Mangel på intern kontroll kan føra til auka kostnader
Alle kommunar i Rogaland nyttar seg av eksterne leverandørar av kartløysingar som til dømes Norkart. Trass i dette kan mangel på intern kontroll over kartgrunnlag i kommunane føra til auka kostnader i planarbeidet.
Asplan Viak, som også vart intervjua, rapporterer om store variasjonar i tilgjengelegheit og datakvalitet frå ulike kommunar. Dei etterlyser meir standardisering for å sikra effektiv bruk av data. Ulik praksis gjer at dei må bruka ekstra tid på å finna relevante data i kommunar som ikkje har valt kva datasett som inngår i sitt DOK. Det fører til høgare kostnader for kundane.
Lokale DOK-data; Ein høg terskel
Ingen av kommunane i Rogaland har gjort lokale DOK-data tilgjengeleg. Fleire manglar kunnskap om korleis dei kan gjera data tilgjengeleg og kvifor dette er viktig. Kommunane uttrykkjer også uvisse om dataa oppfyller krava til Geonorge. Mange hevdar også at det ofte er behov for lokalkunnskap for å forstå dataa, noko som igjen aukar terskelen for å publisera dei lokale DOK-dataa.
Ønsker betre oppfølging
Praksisrapporten viser at mange kommunar ønskjer faste kontaktpersonar og betre oppfølging frå Kartverket når det gjeld bruk og val av DOK-data. Tidlegare er det avhalde regionale DOK-kurs som har vore til stor hjelp, men dette er lenge sidan og det trengst ei oppfrisking.
Kommunar etterlyser også betre varslingsteneste for nye og relevante datasett eller endringar i eksisterande DOK-data. Generelt sett synest kommunane det er vanskeleg å navigera seg rundt i Geonorge.
Det er også eit poeng at det er lite nytte i å revidera DOK kvart år med mindre ein tek aktivt stilling til kva data som er relevante. Det kan derfor vera nyttig med tett oppfølging første gong kommunen vel DOK. Då blir det enklare for kommunane å ta stilling til om nye datasett i DOK er relevante for kommunen sin eller ikkje.
Her kan Kartverket ta ei aktiv rolle i å informera kommunane om nytteverdien av dei nye datasetta som årleg blir lagde til i DOK-lista, poengterer studentane med i rapporten sin.
Verdifull kunnskap
– Fylkeskartkontora tek med seg innspel og funn frå rapporten i det vidare arbeidet. I planprosessar er det offentlege kartgrunnlaget (DOK) eit viktig hjelpemiddel. Som geodatakoordinator har Kartverket som mål å styrkja bruken til kommunane av geodata, seier Jon Moe.
Han takkar Nils Henrik Gyland og Ronja Katrin Gangstø for dei viktige bidraga deira, og ser fram til vidare samarbeid knytt til bacheloroppgåve om bruk av kart i beredskapssituasjonar.
The mail has been sent!