Status kartlegging i Møre og Romsdal
Årets kartlegging er i gang, og store delar av prosjektet er fotografert.
Romsdal 2022
Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Aukra, Hustadvika, Molde, Rauma og Vestnes.
Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet. Oppdraget er tildelt Hexagon. Prosjektområdet er signalert og landmålt, og delvis fotografert.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Historiske ortofoto
Ønske om ny runde med historiske ortofoto kjem frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Til saman er det over 8 600 flyfoto fordelt på 75 flyoppgåver (flyoppdrag) frå tidsperioden 1957-1994.
Kartverket har skanna desse flybileta, og oppdraget med å produsere ortofoto er sett vekk til eit kartleggingsfirma. Dette oppdraget er tildelt Blom Norway AS. Firma skal levere ferdigproduserte flyoppgåver til fylkeskartkontoret for kontroll og publisering på norgeibilder.no. Prosjektet skal vere ferdig i juni 2023.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

Nordmøre Nord 2021
Geovekstprosjektet omfattar område i kommunane Aure, Smøla, Surnadal, Sunndal og Gjemnes. Flyfotografering, produksjon av ortofoto og ajourføring av FKB-data inngår i prosjektet.
Du kan sjå ferdige ortofoto i kartløysinga Norgeibilder. Data er lagt inn i SFKB.
Klikk for å sjå heile kartutsnittet

The mail has been sent!