Historiske ortofoto
Fleire av flyoppgåvene frå prosjektet «Historiske ortofoto M&R 2021» er no ferdige, og du kan sjå ortofotoa i innsynsløysinga norgeibilder.no.
Fleire historiske ortofoto
Ønske om ny runde med historiske ortofoto kjem frå fylkesgeodatautvalet i Møre og Romsdal. Geovekst-partane i fylket ville vere med, og i 2021 satte vi i gong. Til saman er det over 8 600 flyfoto med i dette prosjektet, fordelt på 75 flyoppgåver frå tidsperioden 1957-1994.
Kartverket skanna desse flybileta i 2021, og oppdraget med å produsere ortofoto er sett vekk til eit kartleggingsfirma. Field Group AS leverte siste flyoppgåve innan fristen 1. juni i år, og no er det fullt køyr på mottakskontroll hjå Kartverket i Møre og Romsdal.

Kvalitet på bileta
Det er ikkje same krav til stadfestingsnøyaktigheit og biletkvalitet for historiske ortofoto som for ortofoto produsert frå flybilder etter dagens standard. Det er derfor noko større avvik mellom FKB-data og dei historiske ortofotoa enn vi er vane med. Dette er særleg tydeleg i ytterkant av flyoppgåvene, og i område der det har vore store endringar i terrenget. Vi har valt å ikkje klippe vekk område i ytterkantane sjølv der det er store avvik, då bileta uansett kan ha verdi for brukarane.
Ferdige ortofoto
Sjå kva for flyoppgåver som er med i din kommune i oversikten under. Der flyoppgåva er ferdig og publisert i Noreg i bilder er oppgåvenamnet ei lenke (grøn farge med strek under) til prosjektet på norgeibilder.no. Fleire flyoppgåver blir publisert så snart dei er gjennom mottakskontrollen hjå Kartverket.
Nyttig verktøy i planlegging
Eldre historiske ortofoto gir ofte godt innsyn til bakken på grunn av beitedrift i utmark og lite vegetasjon. Bileta viser ofte mange opphavelege landsapselement før moderne naturinngrep.
Skredsoner og skredvifter i beitelandskap er gjerne godt synlege, og bekkar og vassdrag følgjer i stor grad sine naturlege løp med intakte flaumsoner. Slik kan bileta gi verdifulle innspel i arbeidet med klimatilpassing i områder der ein har hatt stor byggeaktivitet inntil skredvifter, elveløp og på elvedelta.
Bileta er nyttige for samfunnsplanlegging i høve skred, flaum og havnivåendring, planarbeid og sakshandsaming, forsking og jordskifte, og dei vil også være interessante for historieinteresserte privatpersonar.
The mail has been sent!