Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Gode åtkomstpunkt viktig i kritiske situasjonar

Korleis finn ambulansen raskt fram dersom adressa åleine ikkje beskriv vegen godt nok fram til målet? Eitt av svara ligg i gode åtkomstpunkt. Kartverket og kommunane i Agder samarbeider derfor tett om kvalitetsheving av åtkomstpunkt.

18. juni vart første workshop om åtkomstpunkt gjennomført i Kartverkets lokale i Kristiansand. Deltakarar frå nærliggjande kommunar fekk jobba praktisk med eigne data og diskutera utfordringar og løysingar i fellesskap.

– Me opplever at kommunane set stor pris på å møtast, jobba konkret med eigne data og samtidig få rettleiing og hjelp undervegs, seier Åsulv Birkeland Stormoen, matrikkelansvarleg i Kartverket Agder og ansvarleg for workshopen.

Kirsten Vadsø, Birkenes kommune veileder andre kommuner. Foto Amna Drace Biscevic KV Agder 16-9.jpg
RETTLEIAR KVARANDRE: Kommunane hjelpte kvarandre med gode råd under workshopen. Her ved Kirsten Vadsø frå Birkenes kommune. Foto Amna Drace Biscevic | Kartverket Agder.

Eit viktig supplement

Åtkomstpunkt blir brukt som eit supplement der adressa ikkje beskriv vegen godt nok fram til målet. På den måten kan nødetatar og andre aktørar lettare finna fram, noko som bidreg til meir presis og effektiv ressursbruk i kritiske situasjonar.

Les meir om atkomstpunkt på kartverket.no

Åtkomstpunkt er ei løysing kommunane kan nytta der adressepunktet ikkje definerer åtkomsten til ei adresse på ein klar og eintydig måte. Til dømes i område utan eit klart vegsystem/ veglause område, som for setrar eller i hyttefelt langt inne på fjellet.

Andre tilfelle er der ulike kai-/ bryggjeanlegg eller parkeringsplassar kan gi tilkomst til det same området. I slike tilfelle vil det vera ønskjeleg å kunna angi det mest formålstenlege punktet for tilkomst til kvar enkelt adresse. Eller i meir urbane strøk, der tilkomst til fleire bygningar går via eit portrom i ei blokk.

– Me planlegg fleire tilsvarande samlingar, og ser fram til god dialog med kommunane, avsluttar Stormoen.

Åsulv Birkeland Stormoen gir en introduksjon til workshopen. Foto Amna Drace Biscevic 16-9.jpg
INTRODUKSJON: Åsulv Birkeland Stormoen gjekk gjennom hovudpunkta på worshopen 18. juni. Foto Amna Drace Biscevic | Kartverket Agder.

Du finn meir informasjon og påmeldingsskjema under.

Share
XPPT