Kartverkskonferansen 2026 og statusrapport
Kartverket arrangerer Kartverkskonferansen 2026 tysdag 3. mars i Oslo. Da kjem også den årlege statusrapporten frå Kartverket, som mellom anna gir konkrete tilrådingar om bruken av kart og kartdata.
– I år er Kartverkskonferansens tema samfunnstryggleik, digitalisering og bruken av kunstig intelligens. Det er viktig for Kartverket å synleggjere bruken av våre data i samfunnet, seier direktør Mona Strøm Arnøy i region- og samfunnskontakt.
På konferansen vil fungerande direktør Reidun Kittelsrud i Kartverkets landsdivisjon presentere hovudfunn og tilrådingar i Kartverkets årlege statusrapport. Rapporten blir overlevert KDD og offentleggjort same dag.
Bredde i programmet
I tillegg til å overrekke statusrapporten til statsråd Bjørnar Skjæran, blir det eit rikt program på konferansen. Desse held innlegg:
- Hovudredningssentralen
- NKOM
- Politiets dronetjeneste
- Politidirektoratet
- NIBIO
- Hamar kommune
I tillegg kjem digitaliseringsminister Karianne Tung inn i bolken om kunstig intelligens saman med KI-professor Morten Goodwin.
Følg arrangementet på videostrøm
– Vi er heldige og får med mange tunge samfunnsaktørar og samarbeidspartar. Dei vil demonstrere bruken av kart og kartdata innan sitt fag- og samfunnsområde. Vi opplever at interessa er stor og at dei inviterte gjestane ser fram til denne dagen, seier Strøm Arnøy.
Konferansier er assisterande kartverkssjef Knut K. Bjørgaas. Fysisk deltaking skjer på invitasjon frå Kartverket, men arrangementet blir sendt på videostrøm. Videolenke kjem i denne artikkelen i samband med arrangementet.
The mail has been sent!