Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Er sjøkartet ditt gyldig?

Sjøkart er ferskvare og krev oppdatering. Slik kan du sjekke om ditt kart er gyldig eller utgått på dato.

I kartramma på papir-sjøkartet, nede til venstre, står månad og år for når sjøkartet ditt blei utgitt. I tillegg står det til kva utgåve av Etterretninger for sjøfarende (Efs) kartet er oppdatert til.

Kartoversikt

Oversikt med utgjevingsdato (kartdato) for sjøkart (pdf 500 kB)

POD-kart (Print On Demand)

Norske sjøkart blir oppdatert kontinuerleg. Kartverket trykker ikkje papirkart, men lagar kartfiler som vi oppdaterer kvar fjortande dag, i takt med kartrettingar som blir melde i Etterretninger for sjøfarende (Efs).

Oppdaterte papir-sjøkart kan kjøpast via godkjende forhandlarar, som plottar ferske kart på bestilling frå kundane. Tenesta kallast Print on Demand (POD).

Eit POD-kart inneheld alle endringar meld i Efs sidan sist gong kartet blei utgitt som ny utgåve.

Gyldigheit

Så lenge brukaren oppdaterer sjøkartet med rettingar meld i Efs, er kartet gyldig inntil det igjen blir utgitt som ny utgåve eller nytt sjøkart. Kvar sjøfarande skal vere merksam på den risikoen det medfører å ikkje segle på oppdaterte sjøkart, og det ansvaret dette inneber.

Ny utgåve av sjøkart

Dersom Kartverket har fått ny informasjon om svært viktige endringar som har navigasjonsmessig verdi, vil eit sjøkart bli utgitt i kategorien "ny utgåve". Sjøkartet vil, i tillegg til desse vesentlege endringane, innehalde rettingar som tidlegare har vore melde i Etterretninger for sjøfarende (Efs).

Når eit sjøkart blir utgitt som ny utgåve, blir alle tidlegare utgåver ugyldige. Melding om kartrettingar i Etterretninger for sjøfarende (Efs) vil frå dette tidspunktet berre vere knytt til det nye kartet.

Nytt sjøkart

Eit sjøkart blir utgitt i kategorien "nytt kart" når det har store endringar i utforming, avgrensing eller innhald.

Eit «nytt kart» er ei første utgjeving av eit sjøkart som anten:

  • Dekkjer eit område som ikkje tidlegare er kartlagt i målestokken som det gjeld
  • Omfattar nytt dekningsområde for eit allereie eksisterande kart
  • Omfattar ein modernisert versjon av eksisterande kart med omsyn til symbol og generell presentasjon
  • Omfattar adoptering av eit internasjonalt kart (INT-kart), eller eit nasjonalt kart først utgitt av ein anna nasjon

Eit nytt kart gjer alle tidlegare utgåver av sjøkartet ugyldige. Melding om kartrettingar i Etterretninger for sjøfarende (Efs) vil frå dette tidspunkt berre vere knytt til det nye kartet.

QR-kode

Alle papir-sjøkarta har ein QR-kode som gjer det mogleg, ved hjelp av smarttelefon eller nettbrett, å få tilgang til alle rettingar knytt til sjøkartet. Dessutan får du tilgang til all informasjon om sjøkartet og gyldigheit.

Rettingar til sjøkart Etterretninger for sjøfarende

Etterretninger for sjøfarende (Efs) utgjev oppdateringar og rettingar til sjøkart kvar fjortande dag.

Efs

Share
XPPT