Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Mann står heng over ripa på ein motorbåt oppå ein båthengar. Dame sit oppi båten. Begge smilar. Foto.
NYE BÅTEIGARAR: Ekteparet Eirik og Christina en nokon av dei som kjøpte seg båt i fjor sommar. Christina har oppdaga kor mykje kunnskap det er å finne i sjøkartet og ho prøvar å overbevise Eirik om å omfamne sjøkartet, han også. Foto: Leidar/Kartverket
Last updated

Bruk sjøkart – få ei betre oppleving på sjøen

Kor er det trygt å ferdast? Kor er det fint å legge til? Kor er den magiske fiskegrunna? Det er ingen grunn til å gå på grunn! Bruk sjøkartet til å gjere deg kjent med området du skal segle i.

Med Kartverket på laget legg du grunnlaget for å ha kontroll ute på sjøen.

– Bruk av sjøkart gjev ikkje berre ein tryggare seglas – du oppdagar kanskje nye spanande stader i skjergarden, nye moglegheiter for å ankre opp, nye bade- og fiskeplassar, du unngår å gå i land på eit fuglereservat. Det mykje lokalkunnskap å finne i sjøkart og i farvatnskildringa Den norske los. Og info om vasstand og tidspunkt for flod og fjære, som du får på Se havnivå, er for mange heilt avgjerande for seglasen og fortøying av båten, seier direktør Birte Noer Borrevik i Kartverkets sjødivisjon.

Ulik kvalitet på djupnedataa i kartet

Ver obs på kvaliteten på djupnedataa i sjøkartet. Er det område som aldri har blitt kartlagt eller som blei sjømålt med handlodd ein gong før 1960? I papirsjøkartet kan du sjekke dette i kjeldediagram/ZOC-diagram, som gjev info om kor nøyaktige djupnedataa er i kartet. Gjer deg kjent med din kartplottar og undersøk korleis din leverandør merkar slike usikre område i kartet.

Elektroniske sjøkart til kartplottarar, basert på sjøkartdata frå Kartverket, blir tilbydd av fleire distributørar. Dei som lastar ned og gjer tilgjengeleg oppdateringar to gonger i månaden leverar kartinnhald som er oppdatert i samsvar med Kartverkets standard, likt dei offisielle norske papir-sjøkarta som oppdaterast med rettingar frå Etterretninger for sjøfarende (Efs) kvar fjortande dag.

Rettingar til sjøkart

Rettingar til sjøkart finn du på nettenesta Etterretninger for sjøfarande (Efs). Der kan du også finne ut om ditt papirsjøkart fortsatt er gyldig. Kanskje er det satt opp eit nytt luftspenn som er til hinder for din seglbåt, eller er det meldt om nye grunner i området du planlegg din seglas?

I Hvaler og andre område med mykje skjergard er det til dømes mange viktige grunner som etter ny, moderne kartlegging har vist seg å vere djupare og grunnare.

I Efs-tenesta og på norgeskart.no finn du informasjon om papirsjøkartet ditt er gyldig, altså når det sist kom i ny utgåve eller om det har blitt utgjeve helt nye kart. I mars utgav Kartverket til dømes eit heilt nytt kystkart, nr. 312 Andenes – Lopphavet, og seinare i sommar kjem to nye kystkart, nr. 313 og 314, som vil dekkje kysten frå Lopphavet til grensa mot Russland.

Planlegg seglingsruta

Unngå skvalpeskjer, grunner og farlege snarvegar. Farvatnskildringa Den norske los har blitt digital: dnl.kartverket.no. Bruk ho for det ho er verdt!

I Den norske los kan du både planleggje og lagre dine seglingsruter. Da brukar du ikkje lengre tid på seglasen enn du må. Tenesta gjev deg ei oversikt over kor du kan bunkre – det er ikkje artig å gå tom for drivstoff – og kanskje kan du til og med kjøpe deg is og nye slukar på same staden?

Kor kan du legge til, og korleis er botnforholda viss du tenkjer å sleppe ut dreggen? Kor det er sanitæranlegg? Svar kan du finne i Den norske los.

Vasstand, flod og fjære

Flod, fjære og vasstand kan varierer mykje langs Norskekysten. På nettensta Se havnivå finn du informasjon om varsla vasstand og vasstand no, tidspunkt for flod og fjære og tidvasstabellar.

Sjekk varselet! Da det var flo gjekk seglasen heilt fint. Neste gong er det kanskje fjære og da kan du vere uheldig å på støyte på eit skvalpeskjær, viss du ikkje har sjekka sjøkartet godt nok på førehand. Og når du skal fortøye båten på land er det viktig at du veit kor langt opp på land du bør gjere det.

Se havnivå kan også hjelpe deg med å rekne ut kor høg brygga bør vere. Byggjer du brygga for lågt, vil ho stå under vatn ved høgvatn. Er ho for høg blir det vanskeleg å komme seg opp av båten. Her er metoden som hjelper deg å finne den ideelle høgda på brygga di.

Øving gjer meister

Korleis var det du skulle plotte seglingskursen inn i kartet? Treng du å øve deg på bruk av sjøkart, eller skal du ta båtførarprøven, last ned gratis skulekart her. Skulekarta er utsnitt frå ordinære sjøkart, og er laga for bruk i undervising og til øving i bruk av sjøkart. Du må skrive dei ut i A3-format, elles vil ikkje målestokken i kartet stemme.

Viss du er født i 1980 eller seinare og skal føre ein fritidsbåt med lengd på over 8 meter eller med motor større enn 25 hestekrefter, må du ha båtførarbevis. Men alle burde vel inni mellom sjekke kor godt kunnskapen sit? På internett er det fleire som tilbyr gratis test og øvingsoppgåver til båtførarprøven. Kva med å ha ein kunnskapskonkurranse med familie og venner?

Kjøpe sjøkart

Kartverket sel ikkje papirkart, men lagar kartfilar som forhandlarar trykker for deg, såkalte Print on Demand-kart (POD). Sjå oversikt over Kartverkets forhandlarar som du kan bestille papir-sjøkart hos.

Elektroniske sjøkart til kartplottarar, basert på sjøkartdata frå Kartverket, blir tilbydd av fleire distributørar. Sjå oversikt over kven distributørane er og kor ofte desse oppdaterer sine sjøkart.

Nyttig

Den norske los

Kor kan eg bunkre og ankre opp? Kor er det trygt å ferdast? Planlegg og lag seglingsruter i den digitale farvatnskildinga Den norske los, dnl.kartverket.no. 

Flod, fjære og vasstand

På tenesta Se havnivå finn du informasjon om observert og varsla vasstand, flod, fjære og tidvasstabeller ved å søke på ein stad. I tillegg er der artiklar om referansenivå, havnivå, tidvatn og vasstand.

Skulekart

Korleis var det du skulle plotte seglingskursen inn i kartet? Treng du å øve deg på bruk av sjøkart eller skal ta båtførarprøven, last ned gratis skulekart her.

Share