Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Nytt grunnkart gir betre kunnskapsgrunnlag for arealbruk i Noreg

Nasjonalt grunnkart for arealanalyse er no klart i sin første årsversjon. Grunnkartet gjev eit heilskapleg oversyn over areal i både by og land, og skal gjere det enklare å ta gode, kunnskapsbaserte avgjerder om arealbruk i Noreg.

Balderbrå og gravemaskin ved veibygging i Kvakestad i Askim.
GRUNNKART: Målet er at nasjonalt grunnkart for arealanalyse skal gjere det enklare å planlegge utbygging i allereie utbygde område, for å unngå å ta i bruk nye natur- og landbruksområde. Foto: Oskar Puschmann/NIBIO

Årsversjon 2025 av «Grunnkart for arealanalyse» er tilgjengeleg som datasett og digital kartløysing, WMS (Web Map Service). Kartet er utvikla i samarbeid mellom NIBIO, SSB, Kartverket og Miljødirektoratet, og med omfattande brukarmedverknad.

Samanstiller dei viktigaste arealdata

«Nasjonalt grunnkart for arealanalyse» er ei samanstilling av data frå det offentlege kartgrunnlaget (DOK), som er dei viktigaste offentlege datasetta for heildekkande arealinformasjon i Noreg. Kartet inneheld òg ei inndeling i økosystem.

– Resultatet er eitt felles datasett som skal sikre at brukarane får tilgang til oppdatert og påliteleg informasjon som er viktig for å kunne ta informerte avgjerder om arealbruk og ressursforvaltning, både i by og land, seier kartverkssjef Johnny Welle.

Kartverktøy for ulike arealrekneskap

Grunnkartet gir betre oversikt over arealressursane våre, korleis dei blir brukt, og kva nye inngrep kan bety for klima, natur og andre viktige verdiar. Kunnskapen kan koplast til arealplanar og brukast saman med andre datasett for å vurdere konsekvensar av ny utbygging. Dette gir kommunar, fylke og statlege etatar eit felles grunnlag for arealanalyse og arealrekneskap.

– Grunnkartet løyser ei rekkje tekniske utfordringar og gjer arbeidet med plan og rekneskap enklare for kommunane. Det er eit særs godt døme på effektivisering i offentleg sektor, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.

Mange kommunar og fylke arbeider allereie med å etablere lokale og regionale arealrekneskap. Nokre har vedteke eit prinsipp om arealnøytralitet. Samtidig har fleire kommunar hatt problem med å få oversikt over konsekvensane av nedbygging, mellom anna fordi viktige kart ikkje har vore samanstilt og dermed har vore vanskelege å bruke.

Grunnlag for «kart over grå areal»

Grunnkartet er hovudkjelde til den første versjonen av eit «kart over grå areal» som Miljødirektoratet lanserte 16. desember, etter at Stortinget i revidert nasjonalbudsjett for 2025 bad regjeringa om å utarbeide eit kart over grått areal i Noreg. Grå areal er areal som allereie er teke i bruk, eller er sterkt påverka av menneskeleg byggeaktivitet.

Målet er at dette kartet skal gjere det enklare å planlegge utbygging, i allereie utbygde område for å unngå å ta i bruk nye natur- og landbruksområde.

Datasett og kartløysing (WMS) på Geonorge

Datasettet for årsversjon 2025 av «Nasjonalt grunnkart for arealanalyse» og den digitale kartløysinga (WMS), finn du på Geonorge:

Sjå rapport som omtalar endringar gjorde sidan testversjon 2 av grunnkartet: Forskingsrapport: Nasjonalt grunnkart for arealanalyse – årsversjon 2025

Fakta

Nasjonalt grunnkart for arealanalyse er basert på eksisterande data frå det offentlege kartgrunnlaget (DOK), som viser arealressurs- og arealbruksdata, og inneber ingen nykartlegging. I tillegg er det lagt inn økosysteminformasjon i samsvar med Eurostats klassifikasjonssystem.

Grunnkartet kan koplast mot andre datakjelder, t.d. arealplanar, og er meint som eit felles datagrunnlag for ulike typar arealanalysar.

Den første versjonen var kalla «grunnkart for arealregnskap».

I 2025 inngjekk Kartverket, Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå (SSB) ein samarbeidsavtale for å vidareutvikle og forvalte grunnkartet.

Webinar 23. april

Velkommen til webinar om årsversjon 2025 av «Nasjonalt grunnkart for arealanalyse» torsdag 23. april kl. 9.00 – 10.30.

Du får ein introduksjon til «Grunnkart for arealanalyse», med orientering om arealbruk, arealdekke og økosystemtypar, samt ein gjennomgang av nyheitene i årsversjonen. Det blir også vist nokre eksempel på praktisk bruk av kartet.

Webinaret er opent for alle interesserte, og det vil vere mogleg å stille spørsmål. 

Her kan du følge webinaret 23. april: Webinar om årsversjon 2025 av Nasjonalt grunnkart for arealanalyse

Det vert ikkje gjort opptak av webinaret.

Kontakt

Share
XPPT