Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Lihkku beivviin - Vuorbbe biejvijn - Lahkoe biejjine!

6. februar feirar vi samefolkets dag. Kartverket bidreg med å sette samiske stadnamn på kartet: Sidan 1. januar i fjor er 675 vedtekne samiske stadnamn innført i Sentralt stadnamnregister.

Samefolkets dag er felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen er valt etter det første samiske landsmøtet som vart arrangert i Tråante (Trondheim) på den datoen i 1917. Det var første gong i historia at nord- og sørsamar var samla i eit stort møte for å drøfte felles saker og problem.

Kartverket bidreg også til å ta vare på samisk historie og språktradisjon: I 2022 har Kartverket jobba med å handsame stadnamnsaker og å registrere eigne og andre offentlege organ sine namnevedtak i Sentralt stadnamnregister (SSR). Ei opptelling viser at det er lagt til 675 samiske stadnamn frå 1. januar 2022 til 6. februar 2023.

Skilt for Bane Nor frå Snåase - Snåsa stasjon i Trööndelage - Trøndelag
Samiske stadnamn: Snåsa stasjon - Snåase stasjovne er ein av plassane som har fått samisk stadnamn nyleg. Foto: Ann Helen Bjørum Nordgård

Vedtaka gjeld 625 skrivemåtar av nordsamiske stadnamn, 27 lulesamiske stadnamn og 23 sørsamiske stadnamn. Vedtaka er fatta av Kartverket, kommunar og Kongen i statsråd. Kartverket legg inn stadnamna i Sentralt stadnamnregister (SSR), der mellom anna Statens vegvesen og Bane Nor hentar informasjon når dei skal lage skilt.

Sørsamiske stadnamn

I 2022 fekk Røros kommune og alle tettstader i kommunen vedteke sørsamiske namn: Rossen tjïelte (Røros kommune), Praahka (Brekken), Plaassja (Røros), Kloemege (Glåmos). Stasjonsnamna Kloemegen stasjovne, Plaassjan stasjovne og Snåasen stasjovne blei også fastsett av Kartverket.

Rana og Levanger kommunar har fastsett skrivemåten av dei sørsamiske bynamna Måefie og Levangke (norske parallellnamn Mo i Rana og Levanger).

Trondheim kommune fastsette i 2021 Tråante som sørsamisk parallellnamn til Trondheim. Det blei følgd opp i 2022 med søknad om eit sørsamisk kommunenamn, som blei fastsett som Tråanten tjïelte av Kongen i stadsråd. Trondheim kommune fastsette også i 2022 eit sørsamisk namn for rådhuset og hovudbiblioteket, Tråanten raeriegåetie, og Tråanten åålmehgærjagåetie.

Kartverket fastsette Tråanten girtiesjåljoe som sørsamisk parallellnamn til Trondheim lufthavn, Værnes. Dette var den andre flyplassen i landet som fekk fastsett eit sørsamisk namn etter Måefien girtiesjåljoe i 2021 (norsk parallellnavn Mo i Rana lufthavn, Røssvoll).

Lulesamiske stadnamn

Dei lulesamiske namnevedtaka gjeld naturnamn, gardsnamn, bygdenamn og eit poststadnamn. Poststadnamnet Rævkka (parallellnamn til Røkland) i Saltdal kommune er enno ikkje teke i bruk av Posten Noreg, trass i at Saltdal kommune har fastsett skrivemåten av bygdenamnet Rævkka og at skolen i bygda er Rievka skåvllå.

Nordsamiske stadnamn

Dei fleste nordsamiske namnevedtaka gjeld naturnamn, men også gardsnamn og namn på grensemerke. Hammerfest kommune har fastsett skrivemåten av fire bygde- og grendenamn: Mohkki (norsk Futbukta), Dálvesajjohka (Vinterelv), Leaibeluovta (Olderelv) og Jáhkovuonna, som ikkje har eit norsk parallellnamn, men omfattar den indre delen av fjorden Jáhkovuonna (norsk namn Revsbotn).

Tromsø kommune har fastsett Romssavággi som bydelsnamn (norsk Tromsdalen) og grendenamnet Vuotnasiida som parallellnamn til Sjøvassbotn. Senja kommune har fastsett Duvtarávdnji som nordsamisk parallellnamn til det norske bygdenamnet Rossfjordstraumen. Guovdageainnu suohkan – Kautokeino kommune har fastsett to nordsamiske adressenamn, og det er dei einaste samiske adressenamna i perioden.

Landskapsområdet Lofoten har fått fastsett skrivemåten av det nordsamiske namnet som Lufuohttá. Sidan også lulesamisktalande har brukt og brukar eit lulesamisk namn om dette landskapsområdet, er Lufoahtta fastsett som lulesamisk namn på Lofoten.

Share
XPPT