NRL: Ein samfunnskritisk jobb som krev mykje innsats
Ein frist har innhenta kraftbransjen: No er det på høg tid å få resten av kraftnettet inn i Nasjonalt register for luftfartshinder. Ein stor jobb, men med kritisk verdi for samfunnet.
Fakta om NRL
Nasjonalt register over luftfartshindre (NRL) er eit digitalt register over menneskeskapte objekt som kan vere ein risiko for luftfarta.
Luftfartshinder: Alle menneskeskapte objekt høgare enn 15 meter (30 meter i nokre område) over terreng eller vatn, signal- og straumførande luftspenn, taugbanar, endemaster til luftspenn og liknande strukturar reknast som luftfartshinder.
Rapporteringsplikt: Eigarar av luftfartshinder må rapportere opplysningar om hinderet til Kartverket minst 30 dagar før etablering, endring, flytting eller fjerning.
Krav til presisjon: Luftfartshinder skal rapporterast med ei nøyaktigheit innafor visse grense, noko som er spesifisert i forskrifta.
1. juli 2024 var det frist for å rapportere inn til Nasjonalt register over luftfartshinder (NRL) alt av såkalla regionalnett og transmisjonsnett som går i lufta. Dette er dei største straumanlegga (dei som kryssar heile landet) med høgast spenningsnivå.

Totalt inneber dette omlag 31 000 kilometer med straumførande linjer (tall frå 2018). Overingeniør og registerførar Yonatan Bisrat Taye i Kartverket ser ein stor auke sidan sommaren i mengda nett som er komme inn.
– Før fristen trudde vi at vi hadde omtrent 30 prosent av regional- og transmisjonsnettet. Men vi skal ha alt, og alt skulle ha vore lagt inn innan fristen 1. juli. Vi trur no at vi har rundt 40 prosent, men det er vekslande kvalitet på dataa som er komne inn.
– Ein del av dette er ikkje ferdig registrert enno. Vi har dagleg kontakt med eigarane av dataa for å “vaske dei”, eller rett og slett gjere dataa så brukbare som mogleg, forklarer Taye.
Manglar ein del frå fleire store selskap
Veksten frå tretti til førti prosent er ein auke, men Kartverket sitt fag-team bak NRL opplever samstundes at dei slit med kontakten med fleire aktørar i kraftbransjen. Yonatan meiner at fleire av aktørane ikkje er på ballen:
– Dette er store arbeidsmengder, men dette har vore varsla i lang tid. Jamfør ei undersøking frå Kartverket i juni, er eit av problema at nettselskapa har problem med eigne nettinformasjonssystem (NIS). Dette er datasystema selskapa bruker for å halde kontroll på eige nett. Det inneheld opplysningar om høgd, spenn og så klart posisjonen til hindera.

I dag veit ein omtrent kor kvart hinder er, men datakvaliteten varierer – og dei fleste manglar dei konkrete opplysningane som vi treng i NRL.
– Utfordringane som selskapa peikar på, handlar i hovudsak om to ting: fråvær av den informasjonen NRL-basen skal ha, og manglande funksjonalitet for å rapportere til databasen, seier Taye.
Jobbar med å forenkle prosessen
Senioringeniør Geir Myhr Øien i Kartverket har arbeidd med NRL lenge, og har dei siste åra mellom anna jobba opp mot kraftbransjen sitt selskap Elbits. Saman har dei prøvd å gjere innrapporteringa så enkel og lik som mogleg for breidda av kraftselskapa.
– Med maskin til maskin-løysinga vi har utvikla saman med Elbits, gjer ein innrapporteringa meir straumlinjeforma. Det blir meir standardiserte rutinar når selskapa skal få inn informasjonen sin, seier Øien.
– For å få til ein effektiv dataflyt mellom nettselskapas NIS og NRL er vi heilt avhengig av å automatisere prosessen. Elbits har vore i front med å løyse at nettselskapa via ei felles rapporteringsløysing frå Elbits kan gjere direkte oppdateringar i databasane. Førebels har ikkje så mange nettselskap tatt i bruk løysinga, men vi reknar med at talet vil auke mykje framover, seier Øien.

Ny frist i 2025
1. juli 2025 kjem ein ny frist: Der det før var avgrensa til regional- og transmisjonsnettet, skal no alt av straumførande leidningar rapporterast. Det inkluderer mellom anna lågspentnettet og andre hinder eigd av mindre aktørar. Det blir ein stor jobb som særleg kommunesektoren må begynne på allereie no.
– Det er ein massiv jobb. Mange kommunar og mindre kraftselskap er enno ikkje klare for den jobben som kjem. Det er viktig at dei allereie no begynner å sjå på sine eigne system for å få rapportert inn luftfartshinder i stor skala før fristen kjem, seier Toye.
Dei siste åra er dette ei oppgåve som kommunane har visst om – men registerføraren trur han veit korleis dette vil treffe kommunane.
– Kommunane manglar kapasitet, og har derfor valt å utsette arbeidet. No kjem fristen, og då er det viktig at dette ikkje kjem som ei overrasking på dei.
The mail has been sent!