Last updated
Lihkku sámi álbmotbeivviin!
Vi gratulerer med den samiske nasjonaldagen! I Sentralt stadnamnregister har Kartverket eit stort materiale av samiske namn med skrivemåtar fastsett til offentleg bruk.
Desse namna er ein viktig ressurs som kan brukast av det offentlege på skilt, som adressenamn, namn på skolar, kyrkjer og institusjonar av ulike slag.
I stadnamnregisteret er det per no registrert:
- 29 299 stadnamn på nordsamisk
- 1737 stadnamn på lulesamisk
- 1922 stadnamn på sørsamisk
- 42 stadnamna på skoltesamisk
Les meir om stadnamn og offisielle språk i Noreg (her finn du nord-samisk versjon). Gratulerer med samane sin nasjonaldag!
- Lihkku sámi álbmotbeivviin! (nordsamisk)
- Læhkoe saemiej åålmegebiejjine! (sørsamisk)
- Vuorbbe sámij álmmukbiejvijn! (lulesamisk)
- Vuärrbe sáme älbmukbejvijn! (pitesamisk)
- Šiõǥǥ saa´mi meersažpeei´v! (skoltesamisk)
- Lihkuos sämij ålmagenbiejvieb! (umesamisk)
The mail has been sent!