Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kartet før og no

Bli med på ei reise i kartografiens historie og sjå korleis kartet såg ut før - og no.

Kartografi er kunsten og vitskapen å lage kart som kommuniserer ein bodskap på ein godt leseleg måte. Dette er løyst på ulikt vis opp gjennom åra. Her er eit utval kartutsnitt frå jotunheimområdet som viser korleis kartografien har utvikla seg frå 1840-åra og fram til 2000-talet.

Rektangelmåling 1841-1842

Utsnitt frå rektangelmåling frå den første kartlegginga av Jotunheimen. Kartmålaren, løytnant general Harald Nicolai Storm Wergeland, var fetter og fosterbror til Henrik Wergeland. Han tenestegjorde ved Norges geografiske oppmåling (NGO) i perioden 1840–1845.

Qvadrat-Mile-1841-1842_2012126
FØRSTE KARTLEGGING: Utsnitt frå Qvadratmilekart frå Jotunheimen

Jotunheimen 1849

Det trykte amtskartet over Kristians amt (Oppland) i målestokk 1 : 200 000 var laga i koparstikk. Amtskartet var eit resultat av mellom anna målingane til Harald N. Wergeland.

Jotunheimen-1849_Kristians-Amt
AMTSKART: Kartutsnitt frå Jotunheimen 1849.

Jotunfjeldene med Omgivelser, 1879

I 1879 fekk Den Norske Turistforening gitt ut dette kartet basert på dei nyaste målingane frå NGO. Teikninga blei utført av rittmeister Hans Knagenhjelm Gill, som var fast krokør og designatør (kartteiknar) i NGO.

I diktet «Fjellstaven min» utgitt i 1862 bruker Aasmund Olavsson Vinje første gong namnet Jotunheimen, men først utover i 1880-åra blei dette namnet vanleg.

Målestokk 1 : 150 000. Utgitt i Kristiania 1879

Jtouenfjeldene-med-omgivelesr-1879_20121126
BYGDIN: Jotunfjellende med omgivelser frå 1879

Rektangelkart Bygdin 1880

Store delar av sentrale Jotunheimen blei kartlagd for andre gong i 1870-åra og i 1887. Kartet blei utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1891.

Heliogravyre etter teikning av kaptein Solem. Fjelltonen er litografert av Johan Nordhagen, som arbeidde i Oppmålinga i 1878–98.

Siste opplag av kartet blei trykt i 1937. Målestokk 1 : 100 000

Rektangelkart-Bygdin-1880_20121126
BYGDIN: Rektangelkart over Bygdin 1880

Jotunheimen 1910 (1917)

Med bidrag frå Den Norske Turistforening utarbeidde Finn Kross, som var kaptein og topograf i Oppmålinga, eit relieff i målestokk 1 : 250 000, litografert og trykt av Kümmerly & Frey i Bern, Sveits. Ved hjelp av skyggelegging fekk kartet ein tredimensjonal verknad. Det var godt leseleg og blei svært populært. Første utgåve kom i 1910, den siste i 1942. Forlagt av H. Aschehoug & Co. i Kristiania.

Jotunheimen_1910_201221126
KARTUTSNITT: Kart over Jotunheimen frå 1910.

Aust-Jotunheimen 1933

Aust-Jotunheimen i målestokk 1 : 50 000, ekvidistanse 30 meter. Kartet er ein direkte reproduksjon av originalkartet som blei oppmålt i 1931–1932 og utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1933. Ekvidistansen er 30 meter.

Aust-Jotunheimen 1933
AUST-JOTUNHEIMEN: Kartutsnitt frå Aust-Jotunheimen, 1933.

Gjende 1938

Gradteigskart Gjende i målestokk 1 : 100 000. Oppmålt 1871–1934. Utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1938. Ekvidistansen er 30 meter.

Kartutsnitt over Gjende fra 1938
GJENDE: Kartutsnitt frå Gjende, 1938

Gjende 1981

Gjende, 1617-IV, frå hovudkartserien Norge 1 : 50 000, utgitt av Norges geografiske oppmåling i 1981. Ekvidistansen er 20 meter.

Kartutsnitt fra Gjende 1981
1981: Kartutsnitt frå Gjende, 1981

Gjende 2007

Ny utgåve av Gjende, 1617-4, frå hovudkartserien Norge 1 : 50 000, utgitt av Statens kartverk i 2007. Ekvidistansen er 20 meter.

Kartutsnitt fra Gjende fra 2007
GJENDE: Kartutsnitt frå Gjende , 2007
Share