Personopplysningar som du oppgir i skjemaet nedanfor, blir berre brukt til eventuell bestilling av historiske kart. Dei blir lagra hjå Kartverket og sletta etter fastsette rutinar. Den nye personvernforordninga (GDPR) gir deg kontroll over dine eigne personopplysningar. Les meir i Kartverkets personvernerklæring (lenke nedst på sida).
Bestill historiske kart
Det er gratis å laste ned historiske kart frå Kartverket. Ønsker du eit anna format enn det vi tilbyr gratis, eller er du på leit etter eit kart som vi ikkje har skanna ennå, så kan det tingast her.
Merk at vi i hovudsak ikkje har historiske kart over eigedomar eller grensekart utover administrative grenser.
Ein del av Kartverkets samling av historiske kart er digitalisert og er gratis tilgjengeleg for publikum på nedlastingsløysinga vår for gratis historiske kart. Der kan du sjølv ta utskrift om du ønsker det.
Merk at Kartverket ikkje leverer trykte kart: Vil du ha betre utskrift enn det du får på din eigen skrivar eller i større format, kan du tinge dette via forhandlarane våre. Klikk deg vidare til oversikta over Kartverkets forhandlarar.
Ønsker du betre oppløysing enn det du får i gratisløysinga vår (meir enn 300 dpi), eller vil tinge historiske kart som enno ikkje finst digitalt, må du først fylle ut og sende inn skjemaet nedanfor. Dette er inga bindande tinging, men ein generell førespurnad om kva du ønsker kart over og kva du ønsker at kartet skal innehalde. Du blir kontakta innan kort tid, og kan tinge etter dette.
Les også vilkår for bruk av historiske kart
Her kan du lese meir om karta som inngår i Kartverkets historiske arkiv.
Prisar historiske kart og dokument
Alle prisar nedanfor er utan meirverdiavgift (mva.).
Kartkopiar i 600 dpi TIFF (standardleveranse ved nedlasting via filemail):
- Pris pr. kartblad: Kr 250,-
- Tillegg for pr. CD/DVD: Kr 50,-
Nyskanning kart: Kart som enno ikkje finst i nedlastingsløysinga for historiske kart, kan skannast på oppfordring. Kartverket skannar då inntil tre analoge kart pr. omgang. Leveranseformat blir på 100/300 dpi JPG, og berre via filemail. Dette ekspederer vi ein gong i veka.
Pris pr. inntil tre stk. nyskann i 100/300 dpi JPG: Kr 250,-
Topografiske beskrivingar kan også distribuerast digitalt. Dette er handskrivne brev som til tider kan vere stramt innbundne. Beskrivingane blir skanna på oppmoding. Filformatet er PDF, oppløysning varierer mellom 300 og 400 dpi etter storleiken på dokumentet.
Pris pr. time: kr 500,- blir rekna frå kvart påbyrja kvarter og inkluderer framfinning og etterarbeid.
Kartverket gjer merksam på at du ikkje betaler for sjølve kartkopien, men for jobben som blir gjort i samband med å finne fram og behandle saka.
Personopplysningar
The mail has been sent!