Noreg digitalt-samling 2026
Kartverket Møre og Romsdal inviterer til samling for medlemmer i fylkesgeodatautvalet, basisgeodatautvalet og plan- og temadatautvalet. Påmeldingsfrist 22. april.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Kartverket Møre og Romsdal
Arrangør
Samlinga går over to dagar. Det blir servert lunsj begge dagar og sosial middag torsdag 4. juni for dei som ønskjer det.
Torsdag 4. juni (forbehold om endringar)
Programleiar: Knut Helge Skare
11.30: Lunsj
12.30: Velkommen v/ Knut Helge. Presentasjon av deltakarane.
12.40: Praktisk informasjon
12.50: Innlegg frå partane. Kvar gruppering har førebudd eit innlegg (powerpoint) der dei tar opp aktuelle saker og utfordringar innanfor sine regionar/ arbeidsområde. Gjerne ting som kan vere relevante for prioriteringane i ny geodataplan.
Innlegg på max 10 minutt:
- Kommunane, region 1
- Kommunane, region 2
- Kommunane, region 3
- Kommunane, region 4
- Nettselskapa
- Statens Vegvesen
- Møre og Romsdal fylkeskommune
- Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
- Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
- Kartverket
14.30: Pause
15.00: Tema: Totalberedskapsåret/ Totalforsvarsåret 2026. Kva gjer vi?
Innlegg på ca. 20 min kvar frå Statsforvaltaren, NVE, Nettselskapa og Region 1.
16.20 (ca) Slutt
17.00: Aktivitetstilbud
- Rebusoppgave i grupper (Åndalsnes sentrum)
- Trimtur til Rampestreken (ca 2 timar)
19.30 (ca) Middag, 3-retters
Fredag 5. juni
Programleiar: Bjørge Stavik
9.00: Geodataplan 2027-2030: nytt frå samordningsgruppa (v/ Bjørge Stavik)
Til gjeldande fylkesgeodataplan og handlingsplan
9.15: Gruppearbeid. Tema: Geodataplanens handlingsdel (v/ Sverre Steinnes)
- Resultat etter innhenting av innspel frå partane
- Arbeid i grupper: Nye tiltak som bør inn i handlingsplanen? Kva kan vi ta ut?
10.30: Pause og utsjekk frå romma
10.45: Møter i dei enkelte utvala. Agenda blir sendt ut til medlemmane som eiga sak.
12.00: Lunsj
13.00: Slutt
Kostnadar
Heile samlinga (overnatting/ alle måltid) kr. 3 480,- (Representantar for kommunane vil få minst 2/3 av beløpet refundert frå Norge digitalt)
Dagpakke, dag 1 (utan middag/ overnatting): kr. 595,-
Dagpakke, dag 1 (med middag/ utan overnatting): kr. 1 290,-
Dagpakke, dag 2: kr. 595,- Drikke er ikkje inkludert
Reise må dekkast av den enkelte sin arbeidsgjevar
Betalingsmåte
- Betaler hotellet med kort på staden
- Ønsker tilsendt faktura (gebyr kr 100,-)
- Ved ønske om faktura: Oppgje fakturerings-adresse, organisasjonsnummer og kontaktperson
Parkering
Parkering er rett utanfor hotellet, eller på baksida ved kulturhuset.
The mail has been sent!