Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Rette, klage på eller endre stadnamn

Det må som regel grundig saksbehandling og høyringar til om eit stadnamn skal endrast. Les korleis du går fram.

Eit stadnamn er eit språkleg kulturminne. Det har gjerne vorte til over tid og er eit produkt av både historie og levd liv. Måten namnet vert skrive på, er bestemt av tradisjonar, språkbruk og rettskrivingsreglar. Skriftforma skal vere praktisk å nytte. Det er difor lagt opp til ei grundig saksbehandling dersom eit stadnamn skal endrast.

I Sentralt stadnamnregister (SSR) kan du sjå kva for namn og skrivemåtar som er godkjende og vedtekne. Du kan slå opp i SSR via søkjefunksjonen i Norgeskart. På nettsida vår Finn stadnamn i kart og Sentralt stadnamnregister (SSR) finn du meir informasjon om korleis ein søkjer opp opplysningar til kvart namn.

Rette enkle stadnamnfeil

Dersom du oppdagar at eit namn er feilplassert på kartet eller at det er feilskrive, kan du melde frå til Kartverket her.
Saksgang:

  1. Kartverket vurderer meldinga

  2. Kartverket rettar skrivefeil, feilplassering, feil namneobjekttype eller feil namneval

  3. Innmeldar får tilbakemelding

Endre skrivemåten av eit stadnamn

Dersom ein ynskjer å endre skrivemåten av eit stadnamn, må det som regel reisast namnesak. Namnesaker har ein fast saksgang:

  • Nokon ber vedtaksorganet om å endre skrivemåten av eit stadnamn

  • Vedtaksorganet vurderer om det må reisast namnesak og sender i så fall saka ut på høyring

  • Etter høyringsrunden gjev Språkrådet/Sametinget tilråding om m.a. skrivemåten

  • Vedtaksorganet vedtek skrivemåten av stadnamnet

Ei namnesak tek tid, og dersom vedtaket vert klaga på, går det om lag dobbelt så lang tid før saka er i mål. I lov om stadnamn kan du få detaljert greie på:

Kven kan ta opp namnesak?

  • Einskildpersonar kan berre ta opp namnesak på eige bruksnamn

  • Lokale organisasjonar som historielag, grendelag og velforeiningar kan ta opp namnesak dersom dei har særleg tilknyting til eit stadnamn

  • Kommunale, fylkeskommunale og statlege organ som brukar namnet i tenesta

  • Språkrådet og Sametinget

Klage på namnevedtak

Klagefristen i stadnamnsaker er tre veker etter vedtaket vert kunngjort. Klagen skal sendast til den som har gjort vedtaket. Dersom eit vedtak vert oppretthalde i ei klagesak, vert saka send vidare til Klagenemnda for stadnamnsaker, som gjer endeleg vedtak.
Sjå denne nettsida for meir informasjon: Klage på navnevedtak - Språkrådet

Kva brukseigarane kan bestemme

Brukseigarar kan

  • velje bruksnamnet på nye eller namnlause eigedomar

  • byte ut bruksnamn som ikkje er verna av lov om stadnamn

  • velje skrivemåten av namnet på eigen eigedom (eige bruk) viss dei kan dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk som bruksnamn. Men hovudregelen er at skrivemåten av gardsnamnet er retningsgjevande for skrivemåten av identiske eller avleidde bruksnamn. Sjå handbok for namnebehandling pkt. 4.2.3.

Brukseigarar som vil endre eit bruksnamn, må vende seg til Kartverket. Etter at Kartverket har motteke og vurdert ynsket, vil namnet og/eller skrivemåten av bruksnamnet ev. verte endra i SSR og matrikkelen.

Share
XPPT