Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kor er midtpunktet i Noreg?

Noregs arealtyngdepunkt ligg i Steinkjer kommune i Trøndelag. Her finn du også lista over kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar.

Slik reknar vi

Tenk deg at eit omriss av fastland og øyar (utan fjordar og hav) skal balansere på ein blyantspiss. Her finn du arealtyngdepunktet. Nye kommune- og fylkesgrenser eller store utfyllingar som endrer kystlinja kan gjere at punktet må flyttast.

Midtpunktet er det same som arealtyngdepunktet for landsarealet. Midtpunktet blir rekna ut ved at eitt representasjonspunkt for kvar kommune er multiplisert med tilhøyrande areal og deretter midla.

Kartverket har tatt omsyn til arealet for heile Noreg og rekna ut eit arealtyngdepunkt. Dermed blir det ein stad i Trøndelag som får tittelen midtpunktet i Noreg.

Punktet er i Steinkjer kommune, Trøndelag, om lag midt mellom Vakkerlifjellet og Skjækervatnet, på kartblad 1822 IV Vera i Noreg 1:50 000:

Finn eit midtpunkt nær deg 

I tabellane under kan du sjå kva som er midtpunkt i alle fylke og kommunar her i landet. Merk at i Vaksdal og Stad havnar midtpunktet faktisk i nabokommunane på grunn av kommunanes utforming.

Brukartips: Tabellane er breiare enn vanleg nettlesar på mobil. Snu mobilen til liggande format for å sjå fleire data.

Midtpunkt for norske fylke

Midtpunkt for norske kommunar

Share
XPPT