Styrkar global skipsfart ytterlegare
Canada er nytt medlem i PRIMAR, verdas største samarbeid for elektroniske sjøkart. Med over 23.000 Electronic Navigational Charts (ENC) i kartporteføljen har internasjonal skipsfart no tilgang til 99,9 prosent av verdas offisielle elektroniske sjøkart gjennom PRIMAR.

Dei siste fem åra har Canadian Hydrographic Service (CHS) samarbeidd tett med PRIMAR om digitale verktøy for å vere klare for å distribuere ein ny serie standardar, S-100. Samarbeidet har gjort at Canada no er i front når det gjeld hydrografisk innovasjon.
Standardserien S-100 gjer det mogleg å kombinere elektroniske sjøkart med andre viktige datasett som tidvatn, straum, vêr- og isdata. For eksempel er tenesta detaljerte terrengmodellar (S-102) allereie tilgjengeleg via PRIMAR – og her er Canada og Noreg i tet.
Internasjonalt samarbeid leia av Kartverket
Kartverket har drifta PRIMAR på ikkje-kommersiell basis heilt sidan oppstarten i 1999.
– Det er ei stor anerkjenning for vår innsats på produktutvikling og innovasjon at Canada, landet med verdas lengste kystlinje, har valt Kartverket og PRIMAR som samarbeidspartnar på utvikling av sjøkart, seier kartverkssjef Johnny Welle.
Canada sitt medlemskap i PRIMAR styrkar samarbeidet mellom det kanadiske sjøkartverket CHS og sjøkartverk i andre land, og vil vere med på å drive nyskaping og kvalitet i hydrografiske tenester.
– Å bli fullverdig medlem viser kor viktig Canada meiner det er å forbetre sikkerheita og effektiviteten til sjøfarten. Gjennom dette samarbeidet kan vi bruke PRIMAR sitt nettverk og kunnskap for å gi sjøfolk meir presis og oppdatert navigasjonsinformasjon, seier direktør Louis Maltais i Navigation Geospatial Services and Support ved CHS.
Saumlaus navigasjon i sjøkart
Saumlause sjøkart gir ein tryggare og meir effektiv sjøtrafikk. No er kanadiske sjøkart (ENC-ar), digitale nautiske publikasjonar og nye S-100-tenestar med i det globale navigasjonssystemet PRIMAR tilbyr.
Allereie er ein viktig milepæl nådd: I juni lanserte det kanadiske sjøkartverket CHS dei første operative S-101-datasetta. S-101 er ein ny internasjonal standard for elektroniske sjøkart (ENC), utvikla av den internasjonale hydrografiske organisasjonen (IHO), som skal støtte framtidenes digitale navigasjon og e-navigasjon. Den definerer korleis kartdata skal verte strukturert, koda og vist i elektroniske navigasjonssystem (ECDIS).
– Dette og kommande S-100-forsøk i Canada blir den ultimate testen av dei nye verktøya for distribusjon av S-100 – før dei formelle måla for operasjonalisering av S-100 blir sett av IHO og den internasjonale maritime organisasjonen (IMO) i januar 2026, seier Maltais.

Canada er 19. medlemsland
Den bilaterale avtalen mellom Canada og Noreg blei signert i Stavanger den 7. mai av direktør Louis Maltais i Navigation Geospatial Services and Support ved CHS og kartverkssjef Johnny Welle. Canada er det 19. medlemslandet i PRIMAR.
Fakta PRIMAR
PRIMAR er eit globalt samarbeid som tilbyr offisielle elektroniske sjøkart (ENC) frå hele verda.
Internasjonal skipsfart har tilgang til over 23.000 ENC-ar gjennom PRIMAR.
PRIMAR blei etablert i 1999 og vert drifta på ikkje-kommersiell basis av Kartverket, i nært samarbeid med Electronic Chart Centre (ECC), på vegne av medlemslanda.
ENC-er brukast i kartsystemet ECDIS (Electronic Chart Display and Information System). ECDIS viser også eiget og andre fartøy sin posisjon og bevegelse.
Rammeverket S-100 «Universal Hydrographic Data Model»
S-100 er et rammeverk for fleire internasjonale standardar for hydrografisk informasjon, eksempelvis detaljerte terrengdata, tidvatn og vasstand, ENC (Electronic Navigational Charts).
Det er utvikla av den internasjonale hydrografiske organisasjonen, IHO.
S-102 Bathymetric Surface er standarden for detaljerte terrengdata.
S-101 er ein produktspesifikasjon for ENC-data, som skal erstatte den eldre S-57-standarden.
The mail has been sent!