Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Fortset som direktør i sjødivisjonen

No er Birte Noer Borrevik øvste leiar i sjødivisjonen etter at ho takka ja til stillinga, som nyleg var lyst ut. Denne gongen utan åremål.

– Eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg. Eit åremål går fort, og eg hadde ikkje nådd alle dei måla og fått gjort alt eg hadde satt meg fore. Seks år går alt for fort! Eg er godt motivert for å fortsetje som leiar og det var ikkje vanskeleg å seie ja, når ein har verdas finaste gjeng kring seg i det daglege, seier Birte Noer Borrevik, som har jobba i Kartverket sidan 1. september 2016.  

Rett leiar for jobben

Kartverkssjef Johnny Welle er nøgd med at Birte takka ja til stillinga. 

– Eg er glad for at Birte takka ja til jobben som direktør for sjødivisjonen. Ho har den rette kompetansen og kvalifikasjonane som Kartverket treng inn i framtida, men ikkje minst for sjødivisjonen. Ho har mange ambisjonar og mål, og eg tykkjer ho gjer ein god jobb. Birte er heil ved, og det var ikkje vanskeleg å tilby ho stillinga, seier kartverkssjef Johnny Welle.

Portrettfoto av Birte Noer Borrevik. Foto: Morten Brun
​DIREKTØR SJØ: Etter seks år på åremål som direktør for sjødivisjonen er Birte Noer Borrevik no fast tilsett som direktør for divisjonen. Foto: Morten Brun

Brei erfaring

Stillinga som divisjonsdirektør i sjødivisjonen har tidelgare vore ei åremålsstilling. Ifølgje lov om states tilsette er det berre øvste leiar i verksemda som kan tilsettast på åremål. Derfor blei direktørstillinga utlyst som fast stilling etter at åremålet gjekk ut 31. august 2022. 

Birte Noer Borrevik er 63 år, og kom frå stillinga som HSE & Operations manager i Explora Petroleum da ho byrja i Kartverket for seks år sidan.

Share