Our website only contains limited information in English. Please see our English front page to find shortcuts and the menu to all our English content.

Last updated

Kulturminne for kart og oppmåling blir freda

Riksantikvaren har nyleg freda 37 objekt innafor oppmåling. Saman fortel vardar, basisar og boltar historia om korleis Noreg har vorte kartfesta i snart 250 år.

Den sektorvise landsverneplanen til Kartverket viser kva slags rolle staten har hatt for å måle opp og kartfeste Noreg. Dei 37 kulturminna i verneplanen blir freda gjennom SKE-forskrifta (Statens kulturhistoriske eigedommar) om freding av dei kulturhistoriske eigedommane til staten.

– Denne fredinga er litt annleis enn det vi gjer til vanleg. Her fredar vi ikkje berre objekt, men også eit bilde av ein augneblink i vitskapshistoria. Vi fredar noko som bokstaveleg talt har sett Noreg på kartet, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Varden på Store Dyrhaugstind med fjellklatrar framfor.
HISTORIE: Vardane på fjelltoppane fortel historia om korleis Kartverket kartla Noreg. No blir 37 vardar og basisar verna.

 

Gjer karthistoria synleg

I dag tar vi det som sjølvsagt å bruke mobilen for å finne vegen i byar eller ut på tur. Men før det fanst satellittar, GPS’ar og programvare, vart landmåling utført med ein teodolitt, ein siktekikkert som måler vinklar:

Landmålarar på Rondslottet
PÅ NORGES TAK: Vardane på fjelltoppane ga ikkje alltid like gode vertilhøve som dette bildet frå Rondslottet.

Landmålarane i Kartverket hadde ein svært fysisk jobb som sende dei til fots på kryss og tvers over heile landet. Dei gjekk på ekspedisjonar i ukjent terreng med tungt oppmålingsutstyr i sekken og slo opp teltet der dei måtte vere.

– Til neste år har Kartverket hatt ansvaret for oppmåling og kartlegging av Noreg i 250 år. Oppmålingsobjekta som no blir freda, viser spora etter oss over heile landet. Det er historiske helsingar frå forgjengarane våre som la grunnlaget for dei moderne teknikkane som blir brukt i dag, seier kartverkssjef Johnny Welle.

Kulturminne frå Lindesnes til Vadsø

Eit fellestrekk ved dei nasjonale oppmålingsobjekta er at det er vardar og små boltar i terrenget. Du finn dei frå Lindesnes i sør til Vadsø i nord. Vardane er steinkonstruksjonar, plassert på ei høgd med god utsikt. Derfor er dei ofte også populære turmål.

– Ved å frede spora som framleis er synlege etter datidas landmålinga, tar vi vare på og viser fram Noregs kart- og oppmålingshistorie. Vi takkar alle som har vore med på å bygge desse vardane og slå inn boltane. Sjølv om dei ikkje er like viktige for landmålinga i dag, så håper vi at du kjenner eit sus frå historia når du nyt utsynet ved ein varde, seier riksantikvaren.

I dag er oppmålingsobjekta erstatta av geodetiske basestasjonar. Dei samlar inn satellittdata heile tida og gjer at tenestene til Kartverket gir presise data for bygging av vegar, oppmåling av eigedommar eller om du skal finne vegen heim frå byen eller fjellet.

Nasjonale verdiar

Fredinga stør oppunder historia til geovitenskapen: Oppmålinga av Europa fekk si internasjonale anerkjenninga som ei vitskapleg bragd då Struves meridianboge kom inn på verdsarvlista til UNESCO i 2005.

Meridianstøtta på Fuglenes i Hammerfest var endepunktet til Struves meridianboge da oppmålingane vart avslutta i 1852. Fire målepunkt på meridianbogen ligg i Finnmark. Saman med dei andre freda objekta er desse viktige bidrag til kartleggings- og oppmålingshistoria i Noreg.

På nettsidene til Riksantikvaren kan du sjå om ein av dei 37 vardane, basisane og boltane ligg i turområdet ditt.

Lovheimel Kulturminneloven

I 2000 vart det innført ein ny paragraf i kulturminneloven (kml § 22a) som gav høve til å frede eigedommane til staten ved forskrift. Følgene av fredinga er dei same som når private og kommunale eigedommar blir freda, men framgangsmåten er noko enklare.

Pålegg Landsverneplan

Kongeleg resolusjon om forvaltning av dei kulturhistoriske eigedommane til staten vart sett i verk 1. oktober 2006. Resolusjonen pålegg alle statlege eigarar av kulturhistoriske eigedommar å lage sektorvise landsverneplanar og forvaltningsplanar for eigedommane sine.

Meir historie Last ned historiske kart

Vil du ha eit gammalt kart på hytteveggen? Du kan laste ned kart-skattar frå Kartverkets historiske arkiv - og best av alt: Det er heilt gratis! Du kan velje mellom over 15.000 gamle kart. Sjå dei historiske karta stadfesta i Noregskartet og vel karttype i filter-funksjonen.

Share