I Måløy har ein aldri før målt så høg vasstand sidan målingane starta i 1943. I Bergen og Stavanger var vasstanden berre nokre centimeter frå å slå rekorden. Vasstanden nådde tusenårs-vasstand i Bergen.Tusenårs-vasstand vil seie at den varsla vasstanden er så høg at han statistisk sett berre vil oppstå ein gong kvart tusande år.

Mindre topp enn frykta

For Kristiansund og Trøndelagskysten kom den høgaste toppen først på dagtid tysdag. Denne toppen vart lågare enn frykta, og ein endar like over 20 års gjentaksintervall. I Trondheim var det sol og roleg sjø, utan bølger som skylte inn over land.

Langs heile kysten nordover har ein hatt høg vasstand både måndag og tysdag. Med unntak av for Ofoten, ligg dei høgaste observasjonane stort sett på rundt 10 års gjentaksintervall nord for Trondheimsfjorden.

På Sør- og Austlandet gjekk det rolegare for seg under dette ekstremvêret. Her var vasstanden høgast på måndag, og målingane viser at det låg i underkant av 5 års gjentaksintervall dei fleste stadane

Sjekk vasstanden

Du kan sjølv sjekke vasstandsvarselet på andre stader langs kysten gjennom Kartverkets teneste Se havnivå.

Kvifor så ekstremt?

Kombinasjon av høgt tidvatn og stort vêrbidrag gav ekstrem vasstand. Vi hadde høgt tidvatn (springflod) fordi det nettopp hadde vore fullmåne. Springflod har ein etter kvar full- og nymåne. I tillegg hadde vi unormalt stort vêrbidrag på grunn av uvanleg lågt lågtrykk og vind vestleg som gav oppstuing av vatn langs kysten.

Les meir om kva stormflo er.

Les meir om tidvatn og vasstand.