Siste oppdatering

Oppdaterte vasstandsdata

For å kunne presentere best mogeleg vasstandsinformasjon, forbetrar og oppdaterer Kartverket datagrunnlaget kontinuerleg. Og ved høve gjer dei større kontrollar på målesystema.

Kartverket har eit målenett med permanente vasstandsmålarar. Frå desse går data gjennom kontrollar før dei når ut på m.a. nettenesta Se havnivå.

Se havnivå Vasstand og tidvatn

Finn observert og varsla vasstand, tidvatn, landheving og framtidig havnivå i vår teneste Se havnivå.

Se havnivå

Forbetra tal der du bur

Vi delar kysten av Noreg opp i soner der vi antar at tidvatnet oppfører seg på same måte. Kvar sone er knytt til ein målestasjon og får to korreksjonsfaktorar, ein for høgde og ein for tid. Til nærare ein er ein vasstandsmålar, til betre vil sjølvsagt data vi presenterer på Se havnivå stemme.

Kartverket forbetrar desse sonene kontinuerleg. Det blir mellom anna gjort ved å måle vasstand i nokre månader. Analysar av desse gjer at fagfolka kan kontrollere, og nokre stader oppdatere, soneinformasjonen i område som ikkje har ein permanent vasstandsmåler. Nokre stadar kan Kartverket også gå over til å bruke tidvatn basert på analysar av dei korte måleseriane. 

Regelmessige oppdateringer frå nye vasstandsmålare

For å forbetre datagrunnlaget jobbar Kartverket med å utvide det permanente målenettet for vasstand. Hausten 2022 installerte Kartverket tre nye permanente målarar:

  • Bruravik vannstandsmåler i Ulvik herad
  • Leirvik vannstandsmåler i Stord kommune
  • Sirevåg vannstandsmåler i Hå kommune

Vasstandsnivå og berekna tidvatn frå dei nye vasstandsmålerne vil bli regelmessig oppdatert.

For å berekne tivatn – høgder og tidspunkt for flod og fjære – med høg nøyaktigheit treng vi eigentleg fleire år med observasjonar. Derfor vil Kartverket oppdatere nivå og bereknet tidvatn ved dei nye vasstandsmålarane jamleg.

Dette inneber at avstanden mellom referansenivå for middelvatn og sjøkartnull, normal null 2000 (NN2000) og sjøkartnull – eller andre nivå for vasstandsmålaren – kan endre seg litt fra år til år.

Områda rundt nye permanente vasstandsmålarar vil også oppdaterast jamleg framover.

Problemområde

Kysten frå Lista til Vigdel er eit område der vasstanden raskt endrar karakter. Der er det lite tidvatn, som gjer at bidrag frå vêret kan påverke vasstanden meir enn i andre delar av landet. Derfor er det framleis store delar av dette området som er utan informasjon. 

I slutten av 2023 hadde Kartverket tilstrekkeleg med data frå ny permanent målar i Sirevåg på Jæren til at vi kan seie noko om vasstand og tidvatn mellom Vigdel i Sola kommune og Hellvik i Hå kommune. Observert vasstand i dette området blir korrigert ifrå data samla inn ved dei permanente vasstandsmålarane i Sirevåg og Stavanger.

Tronge sund og straumar

Det er også eit par andre område langs norskekysten der Kartverket ikkje gjev ut tidvatn- og vasstandsinformasjon. Dette er hovudsakleg område med tronge sund og straumar, der tidvatnet har ein ganske annleis karakter på innsida samanlikna med utsida av sundet.

Del