Tracing til norske sjøkart
Tracingane er knytt til Efs-meldingar, og dei lettar arbeidet med å plotte inn endringar i papir-sjøkart. Frå 1. november 2022 er det slutt på denne tenesta, men du kan sjå endelege kartrettingar på norgeskart.no.
Kartverket har tilbydd tracingar til sjøkart i hovud- og hamnekartserien, men frå og med Efs nr. 21 - 2022 (publisert 31. oktober) er det slutt for denne tenesta.
Du kan bruke norgeskart.no til hjelp med kartrettingar. På norgeskart.no finn du sjøkart som blir oppdatert to gonger i månaden, få dagar etter kvar Efs-utgåve. Du kan søke direkte på stadsnamn eller skrive inn posisjonen frå Efs-meldinga på norgeskart.no. Slik kan du raskt og enkelt sjå den endelege oppdateringa i sjøkartet, og bruke dette som rettleiing når du skal påføre rettelsar i ditt kart. Husk å velje sjøkart som bakgrunnskart inne på norgeskart.no.
I pdf-arkivet med Efs-utgåver kan du laste ned allereie produserte tracingar.
Bruk saman med Efs-melding
Tracingane skal nyttast saman med korresponderande Efs-melding. I nedre høgre hjørne på tracingen er det angjeve kva som er gjeldande sjøkart og kva Efs-meldingsnummer tracingen høyrer til.
Print ut på kalkerpapir
Du må sjølv printe ut tracingane. Ved utskrift av tracing må du forsikre deg om at printeren er satt opp til å skrive ut utan skalering. Anbefalt papir for utskrift er kalkerpapir.
Korleis bruke ein tracing?
Tracingen plasserast parallelt på sjøkartet ved hjelp av påteikna gradnett. Gradnettet har påført lengde- og breddegrad slik at det er enklare å plassere ut tracingen.
Papir er eit levande materiale som krympar og utvidar seg ved endringar i temperatur og luftfuktigheit. Derfor vil du kunne observere forskjell på tracing og papirsjøkart. Da skal du bruke kystkonturen i tracingen til å plassere den på sjøkartet. Plasseringa av tracingen på kartet er spesielt viktig når du skal endre lyktesektorar, for å sikre at sektorane får dei korrekte vinklane.
Utteikning av objekt på sjøkartet
Når tracingen er plassert riktig på sjøkartet vil objektet som skal endrast hamne på rett stad.
Bruk ein stikkpassar til å perforere tracingen og marker i kartet kor det nye objektet skal teiknast inn. Kva objekt som skal settast inn, flyttast, endrast eller slettast, er angjeve i korresponderande Efs-melding og som tekst og symbol på tracingen.
Når dei nødvendige punkta er markert i kartet kan du teikne ut objektet. Symbolisering i sjøkartet skal vere i samsvar med den som er angjeve på tracingen.
Slette objekt
Når eit objekt skal slettast blir dette angjeve med eit slettesymbol (kryss) i tracingen, samt ein tekst om at objektet skal slettast.
Meir viktig nautisk informasjon og hjelp til bruk av sjølve Etterretninger for sjøfarende (Efs), finn du i viktige vedlegg til Efs.
E-posten er sendt